Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 10. mai

• Spanjolar dansa i gatene
• Navalnyjs lege meldt sakna
• Nye protestar i Jerusalem

Barcelona 9. mai 2021

I Barcelona samla tusenvis av spanjolar seg på strendene då det vart letta på koronarestriksjonane søndag.

Foto: Emilio Morenatti / AP / NTB

Spanjolar dansa på gater og strender i glede over koronalettar

I Spania blir det jubla for at den seks månader lange nedstenginga er over, og at det nettlege portforbodet er oppheva. I fleire byar samla folk seg til spontane gatefestar og på strendene. Fleire stader måtte politiet jage folk heim.

Gatefest i Barcelona 10. mai 2021

Gatefest i Barcelona søndag.

Foto: NACHO DOCE / Reuters / NTB

Navalnyjs lege meldt sakna

Ein russisk lege som behandla Putin-kritikaren Aleksej Navalnyj rett etter at han vart forgifta, er meldt sakna etter ein jakttur i Sibir. Alexandr Murakhovskij kom ikkje tilbake som planlagt fredag, opplyser ein politikjelde til nyheitsbyrået Tass.

Navalnyj, som no sit fengsla i Russland, vart forgifta på ein flytur i august. Flyet landa i Omsk, der Murakhovskij behandla han. To andre legar på sjukehuset i Omsk, har sidan døydd uventa, melder BBC.

Alexander Murakhovsky,

Navalnyjs lege, Alexander Murakhovskij, er sakna etter ein jakttur i Sibir.

Foto: ALEXEY MALGAVKO / Reuters / NTB

Sju skadde i Jerusalem-opptøyar

Israelsk politi brukt vasskanonar med illeluktande vatn og sjokkgranatar for å spreie demonstrantar fleire stader i Aust-Jerusalem natt til måndag. I Sheik Jarrad-området var det på ny direkte samanstøytar mellom politi og palestinske ungdommar.

Ifølgje palestinsk Raude Halvmåne vart sju menneske skadde ved Damaskus-porten og i Sheik Jarrad-bydelen. Fire av dei måtte leggast inn på sjukehus.

Det som skjer i Jerusalem uroar FN-sjef António Guterres djupt. Han ber Israel få ned spenningsnivået. – Israelske styresmakter må vise maksimalt atterhald og respektere retten til å halde fredelege forsamlingar, sa Guterres i natt.

Statsminister Benjamin Netanyahu seier at det er viktig å sikre lov og orden.

Politiet bruker vannkanoner mot demonstranter ved Damaskusporten i Gamlebyen i Jerusalem 9. mai 2021
Foto: AHMAD GHARABLI / AFP / NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no