Ankedomstol lèt Trump bruke forsvarsbudsjett til Mexico-mur
Ein ankedomstol oppheva torsdag forbodet mot å la president Donald Trump bruke 32 milliardar kroner av forsvarsbudsjettet til å bygge ein mur langs grensa til Mexico.
– Dette er ein siger for rettsstaten. Vi er opptatt av å halde grensene våre trygge, og vi vil fullføre muren, heiter det i ei fråsegn frå Det kvite hus.
- Les meir:
Milliardsøksmål mot norske lakseoppdrettarar i Canada
Kanadiske forbrukarar skuldar norsk lakseoppdrett for ulovleg prissamarbeid, og krev over tre milliardar kroner i erstatning. Mellom selskapa som er saksøkte er Grieg Seafood, Lerøy Seafood Group, Mowi og Salmar.
Søksmålet inkluderer alle kanadiske forbrukarar som har kjøpt norsk laks sidan 1. juli 2015.
Fra før av er norske oppdrettarar saksøkte i USA. Bransjen nektar for ulovleg prissamarbeid.
- Les meir:
Fire bustader evakuerte ved brennande fabrikk på Karmøy
Ein nedlagt sildoljefabrikk i Åkrehamn på Karmøy i Rogaland vart herja av brann i natt.
Det var ikkje personar i bygningen då naudetatane kom og sløkking vart igangsett, opplyser politiet.
Naboar i fire bustader tett innpå vart evakuerte, men dei fekk flytte heim igjen ved totida.
- Les meir: