Dette skjedde natt til 1. oktober

• Unngjekk nedstenging i USA
• Tok kontroll over opprørsfengsel
• Smittetalet opp i Oslo

Bernie Sanders i Kongressen 30. sept 2021

SPLITTAR DEMOKRATANE: Senator Bernie Sanders meiner Kongressen må vedta ein plan for betre sosiale rettar før dei stemmer over utbygging av infrastrukturen.

Foto: Andrew Harnik / AP

Biden signerte løyving

President Joe Biden har signert ei lov som sikrar løyvingar til drift av departementa og andre statlege etatar i USA til 3. desember. Det er framleis ikkje semje om eit forslag om å heve gjeldstaket i USA. Finansminister Janet Yellen åtvara om at dersom dette ikkje blir gjord innan 18. oktober, kan det utløyse ei økonomisk krise.

Representanthuset i Kongressen i USA har utsett avstemminga om Bidens store infrastrukturpakke til fredag. Fleire demokratar vil at Kongressen først skal vedta ein plan for betre sosiale rettar, og dette splittar partiet.

Har kontroll på opprørsfengsel

Politiet i Ecuador har teke tilbake kontrollen over eit fengsel i Guayaquil etter eit opprør der 118 fangar vart drepne. Over 900 politifolk og soldatar vart sette inn for å ta tilbake kontrollen i ein stor tryggingsoperasjon.

– Alt er roleg. Dei innsette er tilbake på cellene sine. Dei har ikkje lenger kontroll over celleavdelingane, seier politimeister Tannya Varela.

Soldater holder vakt utenfor opprørsfengsel i Ecuador

Over 900 politifolk og soldatar vart sett inn for å ta tilbake kontrollen over fengselet i Guayaquil der 118 fangar vart drepne.

Foto: VICENTE GAIBOR DEL PINO / Reuters

Smittetala ned, men opp i Oslo

Torsdag vart det registrert 581 nye koronatilfelle her i landet. Det er 140 færre enn førre torsdag. Veketrenden er òg framleis søkkande.

Men i Oslo gjekk smittetala opp, til 218 nye tilfelle. Det er 56 fleire enn dagen før og 33 fleire enn førre torsdag.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no