Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 1. desember

• Over 4000 smitta i Noreg
• Prins og presidentar i Epsteins privatfly
• Valnederlag for Honduras' regjering

Xiomara Castro

Xiomara Castro ligg an til å vinne presidentvalet i Honduras.

Foto: Moises Castillo / AP

4045 nye koronatilfelle i Noreg

Ved midnatt vart det registrert 4045 nye koronatilfelle her i landet. Det er meir enn ei dobling frå førre veka. Smittetrenden er klart aukande.

Prins og presidentar i Epsteins privatfly

Bill Clinton, Donald Trump og prins Andrew er blant dei som var om bord den overgrepsdømte milliardæren Jeffrey Epsteins privatfly, ifølge Lawrence Visoski som arbeidde som pilot for Epstein i nesten 30 år.

Han forklarte seg i retten i New York tysdag i saka mot Epsteins venninne Ghislaine Maxwell som er tiltalt for menneskehandel og overgrep.

Tegning av GHislaine Maxwell i retten i New York.

Ghislaine Maxwell (59) er tiltalt for å ha lagt til rette for overgrep mot fleire unge kvinner saman med kjærasten Jeffrey Epstein.

Foto: Elizabeth Williams / AP

Valnederlag for regjeringa i Honduras

Venstreorienterte Xiomara Castro ligg an til å vinne søndagens presidentval i det mellomamerikanske landet Honduras. Når 52 prosent av røystene er talte opp, har Castro fått 53 prosent, mens Nasry Asfura frå regjeringspartiet Nasjonalpartiet har fått 34 prosent.

Valkommisjonen har 30 dagar på seg til å peike ut ein vinnar. Castro har ei vanskeleg oppgåve framfør seg i eit land som er gjennomsyra av kriminalitet og korrupsjon.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no