Hopp til innhold

Det konservative partiet vil ha Wallace som ny leiar, ifølge undersøking

Fleirtalet blant medlemmane i det konservative partiet ønskjer at forsvarsminister Ben Wallace skal overta som leiar for partiet, syner ei undersøking utført av Yougov. Det melder Reuters.

Det er venta at Boris Johnson fråtrer som leiar for det konservative partiet i dag.

Wallace
Foto: DANIEL LEAL / AFP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no