Demonstrasjonar i Tunisia

Tusenvis av tunisiarar samla seg i hovudstaden Tunis søndag for å demonstrere mot president Kais Saied.

Dei krev at presidenten gjer om på avgjerdene om å løyse opp parlamentet, sparke statsministeren og endre delar av grunnlova for å styrke eiga makt.

Politiet sperra av demonstrasjonen slik at enkelte demonstrantar ikkje fekk delta.

Nokre hundre menneske skal også ha demonstrert til støtte for presidenten.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no