Hopp til innhold

Demonstrantar på Sri Lanka har brote seg inn i statleg TV-studio

Demonstrantar på Sri Lanka har brote seg inn i den største statlege TV-kanal, og tok over sendinga, melder nyheitsbyrået AFP.

Ein uidentifisert mann braut seg inn i studioet til kanalen Sri Lanka Rupavahini Corporation under ei direktesending og beordra at berre nyheiter relatert til protestane skulle bli kringkasta. Sendinga blei brote og erstatta med eit anna program.

Landet har erklært unntakstilstand. President Gotabaya Rajapaksa flykta tidleg onsdag morgon til nabolandet Maldivene. Demonstrantane storma deretter statsminister Ranil Wickremesinghes kontor i hovedstaden Colombo. Statsministeren har fått fullmakt til å utføra presidenten sine oppgåver.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no