Demonstrantar i Madrid
Seks demonstrantar har okkupert det kjente Prado-museet i Madrid og trugar med å ta livet av seg om ikkje dei får innfridd ei liste med krav.
Ifølgje spanske medium hevdar demonstrantane å vere overlevande etter ei masseforgifting som skjedde i Spania for 40 år sidan. Då omkom hundrevis av menneske og fleire titusen vart sjuke etter å ha fått i seg rapsolje med anilin.
Ifølgje Radio Madrid truga dei seks om å ta livet av seg og kringkaste dette direkte om ikkje statsminister Pedro Sánchez går med på lista av krav, som blant anna er å granske skandalen og få erstatning frå styresmaktene.