Deltavarianten årsak til smitteauke

Portugisiske myndigheiter bekreftar at det er deltavarianten av koronaviruset som har ført til ein auke i smittetilfella i Lisboa, skriv NTB.

Varianten står for 60 prosent av tilfella som nyleg er bekrefta i hovudstaden.

På bakgrunn av smitteauken bestemte myndigheitene førre veke å forby all reise inn og ut av hovudstaden i helgene.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no