Deeyah Khan får Fritt Ord-prisen

Deeyah Khan blei i dag tildelt Fritt Ords Pris for 2020.

– Det er den mest spesielle prisen eg har fått, sa Khan til NRK etter prisutdelinga.

Khan er filmskapar, og får prisen for sine dokumentarfilmar om ekstremisme. Juryen meiner filmane er fryktlause og metodiske nyskapande, står det i grunngivinga. Khan får 500.000 kroner og ein statuett signert Nils Aas.

Khan er engasjert i situasjonen i Afghanistan, særleg for kvinner, og vil bruke pengane til å hjelpe personar der.

Deeyah Khan
Foto: Geir Dokken

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no