Daude mink gravast opp

I dag byrjar arbeidet med å grava opp daude mink i Danmark. Alle oppdrettsminkane i landet blei avliva i fjor, etter frykt om at det kunne oppstå muterte koronavirus som kunne smitta folk.

Minkane blei putta i massegraver og dekte med kalk ved Holstebro i Vestjylland og Karup i Midtjylland. Etter ei tid byrja minkane å koma opp av bakken, og det har vore frykt for forureining av drikkevatnet. I alt skal 13.000 tonn daude mink no opp att frå grava, og brennast.

Folk som bur i nærleiken blir åtvara om dårleg lukt den neste tida.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no