Danskar heim frå Syria

Tre danske kvinner og deira til saman 14 barn har forlate ein kurdiskkontrollert fangeleir i Syria og er på veg mot Danmark, melder NTB via Danmarks Radio.

Ifølgje DR forlét dei 17 personane al-Roj-leiren nord i Syria tidleg onsdag morgon. Dei tre kvinnene reiste for nokre år sidan til Syria der dei slutta seg til IS.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no