Hopp til innhold

Danmark: Tog spora av etter kollisjon med rundballe

Fredag kveld køyrde eit passasjertog inn i ein rundballe som låg i togskjenene på strekninga mellom Silkeborg og Laven i Danmark.

Det var litt over tjue passasjerar om bord, ingen av dei vart skadde då toget spora av.

Ulukka skal ha skjedd då ein bonde mista ein rundballe og den trilla ned på togskjenene. Toget kom før bonden rakk å rydda rundballen av sporet.

– Det kunne gått heilt gale, så me er veldig letta over at ingen er komne til skade. Verken bonden, lokføraren eller passasjerane. Det seier Jeppe Holgersen i Midt- og Vestjyllands politi til danske TV Midtvest.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no