Hopp til innhold

Danmark: 42-åring sikta for drap på eit slakteri

Ein 42 år gamal mann er sikta for drap etter ei hending mellom to tilsette ved eit slakteri i byen Holsted i Danmark.

Det skriv Syd- og Sønderjyllands Politi skriv i ei pressemelding.

Det var torsdag føremiddag at ei hending mellom dei to mennene enda med ein av dei blei skada. Mannen døde deretter av skadane.

42-åringen er sikta for drap.

Ifølgje danske TV 2 skal mannen ha blitt pågripen i ei anna kommune enn der hendinga skjedde.

Sjefen for selskapet Danish Crown Beef seier at at hendinga er grusomt tragisk.

Politiet er framleis på staden og etterforskar hendinga.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no