Dahl klagar TK inn til PFU

Molde-ordførar Torgeir Dahl klagar inn kristiansundsavisa Tidens Krav til Pressens Faglige Utvalg, skriv Medier24.no. Dahl meiner dei har skapt inntrykk av at han har prøvd å påverke utgreiinga av Romsdalsaksen på ein ureiieleg måte, noko han meiner er feil. 21, august skreiv TK om eit møte Dahl skal ha hatt med Vegvesenet Region midt, noko Dahl nektar å ha vore på. Medier24 skriv vidare at Dahl ikkje skal ha blitt kontakta for å få kommentar før saka blei trykt. TK-redaktør Ole Knut Alnæs tilbakeviser påstandene og meiner kritikken er retta mot Vegvesenet og ikkje Dahl. Han står framleis fast ved at det var Dahl som blei omtalt i ein e-post som refererte til møtet.

Ordfører Torgeir Dahl
Foto: Roar Strøm / NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no