Hopp til innhold

Cubansk opposisjonell arrestert

Den cubanske journalisten og menneskerettsaktivisten Guillermo Fariñas vart arrestert fredag, melder AFP/NTB. 59 år gamle Fariñas, som fekk EUs Sakharov-pris i 2010, har dei siste 20 åra gjennomført 23 sveltestreikar i protest mot regimet. Opposisjonen planlegg ein demonstrasjon måndag for å krevje at politiske fangar vert lauslatne. Cubanske styresmakter nektar for at det er politiske fangar i landet.

 Guillermo Fariñas
Foto: Hvd69 - CC BY-SA 3.0

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no