Colin Powell er død

USAs tidlegare utanriksminister, Colin Powell, er død. Det stadfestar familien hans, melder AFP.

Han døde med covid-19, men var fullvaksinert. Han blei 84 år gammal.

Powell var utanriksminister under George W. Bush i 2001 til 2005. Han blei rekna for å vere ein moderat politikar samanlikna med fleire andre medlemmar av Bush-administrasjonen.

Han var tryggingsrådgjevar i Det kvite hus i 1987-1988, øvstkommanderande for USAs styrkar i Europa i 1989–1990 og forsvarssjef i USA i 1990–1993.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no