Hopp til innhold

Bustadbrann i Alta

Politi og brannvesen har rykt ut til brann i eit bustadhus i Bossekop i Alta. Det blei meld om opne flammar frå huset, opplyser politiet.

Det blir vurdert evakuering av kringliggande bustader.

Brannvesenet har klart å slå ned noko av flammane, men det er framleis mykje røykutvikling. Bebuarar i området blir bedne om å halde dører og vindauge stengde.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no