Hopp til innhold

Britiske, svenske og kroatiske krigsfangar for retten i Donetsk

Tre britar, ein svenske og ein kroatar må møta i ein sjølvoppnemnt rett i Donetsk i Ukraina måndag, etter å ha delteke i krigen på ukrainsk side, ifølge den uavhengige, russiske avisa Meduza.

Den eine briten skal ifølge britiske myndigheiter ha drive med humanitært arbeid.

Blir dei dømd skyldig, kan dei risikera dødsstraff, skriv avisa.

Storbritannia, USAs utanriksminister Antony Blinken og Amnesty fordømmer dei såkalla rettssakene. Leiar for Amnesty i Aust-Europa og Sentral-Asia Denis Krivosheev seier at rettssaka er eit brot på internasjonal rett.

Det svenske utanriksdepartementet bekreftar at svensken som skal bli stilt for den sjølvoppnemnde retten er arrestert i Ukraina. Kroatia har også sagt at dei har informasjon om rettssaka mot kroaten, og avviser skuldingane som dei vurderer som ulovlege.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no