Hopp til innhold

Britisk etterretning: Russlands marinestyrke i Svartehavet er vesentleg svekka

Ifølge britisk etterretning skal fem angrepsfly av typen SU-24 og tre jagarfly av typen SU-30 vere øydelagde eller lidd alvorlege skadar etter eksplosjonane på Krim-halvøya. Det skriv dei i si daglege oppdatering.

Flybasen Saki er den primære basen for flya til den russiske marinen i Svartehavet. Flybasen er truleg framleis brukbar, men har lidd alvorlege skadar, ifølge britisk etterretning.

Dei har ikkje klarlagt kva som var den opphavlege årsaka bak eksplosjonane. Dei store soppskyene i lufta etter eksplosjonane tyder på detonasjon av opp til fire ammunisjonslager, skriv dei.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no