NRK Meny

Brann stoppet Bergensbanen

Oppsummert

Ein ulmebrann i nærleiken av snøoverbygget mellom Myrdal og Hallingskeid gjer at høgfjellsstrekninga mellombels er stengt.

  • Bergensbanen er opna att

    Bergensbanen er opna att. Morgontoget frå Bergen til Oslo vart stoppa på Myrdal stasjon på grunn av brann i terrenget ved jernbanesporet. Toget har no fått køyra vidare og er kring 50 minuttar forseinka.

  • Sløkte brannen sjølv

    Jernbaneverket sitt personell har sjølv klart å sløkke brannen i terrenget ved snøoverbygget i Tjuvadalen. Bergensbanen er framleis stengd mellom Hallingskeid og Myrdal, men ifølge Jernbaneverket er det ikkje lenge til det opnar att.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no