Hopp til innhold

Botswana vil sende 20.000 elefantar til Tyskland

Regjeringa i Botswana trugar med å sende 20.000 elefantar til Tyskland etter at den tyske regjeringa tok til orde for å stramme inn regelverket for innføring av jakttrofear, skriv BBC.

Botswana seier dei er avhengige av å skyte eller eksportere dyr for å halde den store bestanden i landet i sjakk.

Landet har tidlegare sendt fleire tusen elefantar til nabolanda.

– Vi vil gjerne gi ei liknande gåve til Tyskland, og vi godtek ikkje eit nei, sa Masisi.

Jakt på ville dyr med rike frå Vesten er ei viktig inntektskjelde for Botswana, men dyrevernarar krev at slik jakt blir forbode.

Tidlegare har Botswana også truga med å sende 10.000 elefantar til London etter at det britiske parlamentet stemte for eit forbod mot innføring av jakttrofear. Men lovendringa er ikkje ferdig behandla enno, skriv BBC.

Elefant i Botswana
Foto: MONIRUL BHUIYAN / AFP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no