Børsfall i Hongkong
Hovudindeksen på børsen i Hongkong fall med 4 prosent etter opning måndag.
Årsaka er frykt for at det kinesiske konsernet China Evergrande skal kollapse.
Eigedomsselskapet har 300 milliardar dollar i gjeld, og er ramma av fallande eigedomsprisar etter å ha gjort store investeringar.
Dersom selskapet går under, kan det ha store ringverknadar for kinesisk økonomi.