Boris Johnson går av
Boris Johnson vil gå av som partileiar og statsminister. Det stadfestar han i ei tale utanfor statsministerbustaden i Downing Street.
– Eg veit at det er mange som vil vere letta, men så er det kanskje nokon som også vil vere skuffa, seier Johnson til nasjonen.
Prosessen med å finne ein ny partileiar er allereie i gang. Johnson vil halde fram som statsminister til ein ny leiar for det konservative partiet er vald. Han lover å vere støttande til arvtakaren hans.
– Sjølv om ting ser mørke ut no, er framtida lys, seier han.