Bolsonaro: – Fall i avskoginga

President i Brasil, Jair Bolsonaro, innleia FNs toppmøte tysdag. Han skrytte av jordbruket og klimaplanane til landet.

– I Amazonas-regionen har vi sett eit fall på 32 prosent i avskoginga i august, samanlikna med august i fjor. Kva andre land har ein miljøvernande politikk, som vi har?

Bolsonaro meiner landets behandling av regnskogen i Brasil set eit eksempel for andre nasjonar. Han vil også styrke arbeidet mot ulovleg avskoging.

Ifølge ein rapport frå WWF gjekk over 10.000 kvadratkilometer skog tapt i Amazonas frå august i fjor til juli i år.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no