Hopp til innhold

Blinken til NRK: Ventar at Sverige snart blir medlem av Nato

I eit intervju med NRK fortel den amerikanske utanriksministeren Antony Blinken at han ventar at Sverige snart blir medlem av Nato:

– Det er ei sterk forventing frå mi side at dette kjem til å skje i løpet av vekene som kjem, seier Blinken.

– Det er ikkje berre oss, det er det stort sett kvart einaste medlem av alliansen som seier, legg han til.

Blinken fortel også om månadane før den fullskala invasjonen av Ukraina i 2022:

– Det er ei unik oppleving å fortelje leiaren av eit anna land at vi trur at landet deira kjem til å bli invadert. Det var mitt ansvar, seier Blinken i eit eksklusivt intervju med NRK.

Utenriksminister i USA, Anthony Blinken, i Oslo 1. juni 2023.

Blinken til NRK om Ukraina-varsling: – Eg skulle ønske vi tok feil

Fleire månader før Russland gjekk til full krig mot Ukraina, visste Antony Blinken at noko kom til å skje. I eit eksklusivt intervju fortel han om tida før det small.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no