Hopp til innhold

Blinken møtte Støre før Nato-middag i Oslo

I forkant av ein middag med dei andre utanriksministrane i Nato, deltok Blinken på det han kalla for «ein veldig god samtale» med Jonas Gahr Støre.

– Vi er takksame for å ha Noreg som ein så sterk venn, partnar og alliert, spesielt i ei tid der det er så mange utfordringar, sa Blinken under det korte pressemøtet i Staten sin representasjonsbustad.

– Arbeidet som Noreg har gjort for å bidra til energitryggleik i Europa og til å gjere seg uavhengig av Russland på lang sikt, det har vore mektig.

Støre takka på si side Blinken for det politiske samarbeidet, og nemnde besøket frå hangarskipet USS «Gerald R. Ford» ved den norske kysten.

USAs utenriksminister Anthony Blinken møtte Jonas Gahr Støre under Nato-møtet i Oslo. Etter møtet skrøt han av samarbeidet med Norge.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no