Bilist traff 20 køyretøy i Nils Juels Gate
Foto: Anders Brekke / NRK

Bil trefte 20 køyretøy i Oslo

Oppsummert

Ein bil har køyrt inn i kring 20 bilar og fleire bygg i Niels Julsgate i Oslo. Føraren skal vere svært berusa og køyrt i stor hastigheit, melder politiet.

  • Frogner-sjåfør erkjenner skuld

    Sjåføren som krasja inn i 20 bilar på Frogner i Oslo fredag kveld, erkjenner straffskuld for promillekøyring, melder politiet til Dagbladet. Mannen, som er i 50-åra, har sete i avhøyr laurdag. Han har samtykka til førarkortbeslag, og er no lauslaten.

  • Har arrestert bilist i Oslo

    Politiet har sperra av Niels Juels Gate etter at ein rusa bilførar køyrde inn i 20 bilar og fleire bygg. Ein person er skada, og søket etter fleire er fullført. Den mistenkte, ein mann i 50-åra, er arrestert, seier operasjonsleiar Gjermund Stokkli.

    Bilist traff 20 køyretøy i Nils Juels Gate
    Foto: Anders Brekke / NRK
  • Oslo: Trefte 20 køyretøy i høg fart

    Ein bil har køyrt inn i kring 20 bilar og fleire bygg i Niels Juels Gate i Oslo, melder politiet. Patruljane har no kontroll på bilføraren og søkar etter skadde personar. Ein skada person har blitt funne til no, skriv naudetatane på Twitter.

    Laster Twitter-innhold

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no