Bil køyrde inn i folk i Oregon
Fleire personar har blitt skada då ein bil køyrde inn i personar i Portland i den amerikanske delstaten Oregon, melder avisa The Oregonian. Politiet etterlyser ein blå Mazda. Eit vitne seier til avisa at minst tre personar er køyrd til sjukehus.