Biden vil ha palestinsk stat

President Joe Biden nemnde Palestina særskilt i sin tale i FNs hovudforsamling då han gjekk inn for ein palestinsk stat.

– Vi er fullt forplikta til å forsvara Israels tryggleik. Men eg meiner stadig at ein tostatsløysing er den beste måten å sikra Israels framtid som ein jødisk og demokratisk stat på, som lever i fred ved sidan av ein levedyktig, suveren og demokratisk palestinsk stat, sa han.

– Vi er langt frå dette målet for tida, men vi må aldri gi slepp på moglegheita for framgang, sa han.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no