Hopp til innhold

Biden vil ha auka fokus på menneskesmugling

USAs president Joe Biden seier det må bli meir fokus på kriminell smugling av menneske etter massedødsfallet i Texas. Minst 50 personar er funne døde i lasterommet på eit vogntog i San Antonio.

– Dei første rapportane tyder på at denne tragedien var forårsaka av smuglarar eller menneskesmuglarar som ikkje tar omsyn til liva dei set i fare for og utnyttar for å tene pengar.

San Antonio ligg 250 kilometer frå grensa til Mexico og er ein sentral transittveg for menneskesmuglarar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no