Biden vil doble flyktningkvoten

USAs president Joe Biden ønsker å doble talet på flyktningar som får kome inn i landet til 125.000 det komande budsjettåret.

Det opplyser det amerikanske utanriksdepartementet, ifølge Reuters.

Biden lova i valkampen å endre kursen i asyl- og flyktningpolitikken.

Men denne endringa får ikkje noko å seie for haitiske migrantar på grensa til Mexico fordi dei ikkje er offisielt klassifisert som flyktningar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no