Hopp til innhold

Biden og Macron skal snakke onsdag

President i Frankrike, Emmanuel Macron, og president i USA, Joe Biden, skal snakka saman på telefon onsdag. Det opplyser ein talsperson frå franske myndigheiter, ifølge AFP.

Det er første gong dei snakkar saman etter at ubåtstriden starta. Talspersonen seier Macron forventar at Biden vil innrømme at dei allierte burde ha snakka saman før Australia tok avgjerda om å droppe ubåtkontrakten med Frankrike.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no