Biden meiner det er absurd at Maduro erklærte valsiger
Den amerikanske presidenten Joe Biden meiner det er absurd at Nicolás Maduro erklærte valsiger i Venezuela.
Det seier ein talsperson for Det kvite hus til nyheitsbyrået AFP.
Fleire medium melde tidlegare torsdag at Biden støtta eit nyval i Venezuela, basert på svaret hans under ei pressekonferanse.
Men i ei utsegn torsdag kveld seier Det kvite hus at svaret hans, «I do», var meint til eit anna spørsmål.
– Presidenten snakka om absurditeten i at Maduro og representantane hans ikkje har vore ærlege om valet 28. juli, sa talspersonen, og la til at det var «overveldande tydeleg» at opposisjonen hadde vunne.
Den mangeårige presidenten Nicolás Maduro vart utpeikt som vinnar i valet, trass i at opposisjonen meiner de vann valet.
FN er mellom dei som har kritisert styresmaktene i landet for manglande publisering av valresultat. Valkommisjonen i landet, som vert rekna som lojale mot Maduro, seier derimot at FN lyg.
Det var store protestar då Maduro erklærte valsiger. Han er ein upopulær president, og ei rekke land har skulda han for valfusk. Korkje USA eller EU har anerkjent det offisielle resultatet.
I ei tidlegare versjon av denne meldinga skreiv NRK at Biden støttar nyval i Venezuela, basert på meldingar frå mellom anna nyheitsbyrået Reuters. Meldinga vart endra klokka 21.53.