Hopp til innhold

Biden har tillit til forsvarssjefen

President Joe Biden seier han har full tillit til USAs forsvarssjef Mark Milley etter at Milley ifølge ei ny bok hadde hemmeleg kontakt med Kina. I Bob Woodward og Robert Costas bok «Peril» kjem det fram at generalen var uroa for kva Donald Trump kunne finne på i raseri over å ha tapt valet. Han tok difor kontakt med den kinesiske forsvarsministeren for å forsikre om at USA ikkje ville gå til krig.

Milley skal også ha kalla inn til eit hemmeleg møte i Pentagon der han gav ordre om at ingen skulle ta ordrar frå Trump utan at han var involvert.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no