Ber svenskar reise heim

Den svenske ambassadøren i Sør-Afrika, Håkan Juholt oppfordra alle svenskar i landet om å reise heim så raskt som mogleg, skriv Aftonbladet.

– Vi oppfordrar alle til å booke om så fort som mogleg slik at ein ikkje blir stranda. Har du retur om 14 daga, sørg for å booke om så raskt som mogleg, vi veit ikkje korleis situasjonen blir om 14 dagar, seier Juholt.

Helsemyndigheitene i Sverige ber reisande frå land som Sør-Afrika, Lesotho, Botswana, Zimbabwe, Mosambik, Namibia eller Eswatini, teste seg ved framkomst og gå i karantene i sju dagar.

Det er enno ikkje påvist den nye varianten omikron i Sverige.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no