Belarus kommenterer Russlands atomvåpenplan
Det belarusiske utanriksdepartementet sa tysdag at dei har blitt tvunge til å husa russisk atomvåpen på sitt eige territorium på grunn av auka nærvær av Nato-styrker i naboland, ifølge det russiske nyheitsbyrået Tass. Det melder nyheitsbyrået Reuters.
Laurdag sa den russiske presidenten Vladimir Putin at Russland har inngått ein avtale med nabolandet om å plassera taktiske atomvåpen på deira område. Ifølge Putin skal dei stasjonera våpena der, slik USA gjer i Europa, slik at det ikkje vil strida med internasjonale avtaler. Det same gjentar det belarusiske UD.
Dei russiske planane om å plassera atomvåpen i nabolandet har skapa sterke reaksjonar, mellom anna frå det norske utanriksdepartementet som har kalla avtalen uansvarleg.