Hopp til innhold

Belarus avviser eksplosjonar på flyplass

Forsvarsdepartementet i Belarus avviser meldingar om eksplosjonar på ein militær flyplass i Gomel-regionen, og seier det er snakk om brann i ein motor.

Onsdag kveld blei det meldt om eksplosjonar og kraftige lysblink på sosiale medium.

Men ifølge styresmaktene i Belarus starta det å brenne under testinga av ein motor som var skifta, melder det statlege russiske nyheitsbyrået Tass.

Opplysningane er ikkje stadfesta frå anna hald.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no