Kulturminner, fornminner, er blitt definert som konkrete, som regel synbare, spor etter eldre tiders liv og virke. En videre tolkning kan omfatte kulturhistorisk verdifulle gjenstander, byggverk og anlegg av forholdsvis ny dato. (SNL.no)
I dag får kopien av vikingskipet Myklebust igjen sjø under kjølen. Skipet er ein kopi av vikingskipet det blei funne spor etter på Nordfjordeid for 150 år sidan.
Kopien er 30 meter lang og veg 16 tonn. 60 mann skal trille skipet frå Sagstad Vikingsenter og ut på fjorden.
Onsdag 21. februar lanserer barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) bevaringsstrategien for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg.
– Bevaringsstrategien markerer starten på eit nasjonalt løft for å ta vare på den fantastiske kulturskatten, siger regjeringa.
Utbytte frå Opplysningsvesenets fond og tilleggsløyvingar over statsbudsjettet skal sikre at det blir brukt inntil 500 millionar over dei neste 20 til 30 åra.
Fortidsminneforeininga jublar over «historisk løft for norske kyrkjer»
Dei neste 20 til 30 åra skal staten sikre om lag 10 milliardar kroner til istandsetjing av norske kyrkjer gjennom avkastning frå tidlegare Opplysningsvesenets fond (OVF) og tilleggsløyvingar over statsbudsjettet.
– Dette er veldig gledeleg og eit kjempeløft for kulturminnevernet! Med denne satsinga har regjeringa lagt grunnlaget for at ein særleg viktig del av den bygde kulturarven i Noreg blir teken vare på og blir halden ved like inn i framtida, seier Ola H. Fjeldheim i Fortidsminneforeningen.
I 2021 skapte det bråk då ni norske mellomalderkyrkjer i stein fall utanfor tilskotsordninga for bevaring av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg.
Bakgrunnen var at dei ikkje var eigd av Den norske kyrkja, men av Fortidsminneforeningen eller ulike stiftingar og museum.
Nokon har rissa og måla figurar og initialar inn i bergflata på det 6000 år gamle bergkunstverket i Ausevika i Kinn kommune.
Fylkeskommunen melder no skadeverket til politiet.
Mellom anna har noko rissa inn ein penis på undersida av eit hjortedyr. Også initalane EHT og talet 23, samt tre figurar.
– Moderne innristingar som dette har vist seg nær sagt umogleg å fjerne utan å gjere meir skade på bergflata, seier avdelingsdirektør Per Morten Ekerhovd i ei pressemelding.
Det er kring 300 helleristingar i Ausevika. Feltet har vore tilrettelagt sidan 2009.
Over sommaren vurderer fylkeskommunen, kulturmiljøforvaltninga og grunneigar Kinn kommune kva tiltak ein kan setje i verk for å hindre meir skadeverk.