Hopp til innhold

Bekymra for vaksineeffekten

Den nye koronavarianten som er påvist i Sør-Afrika har fått skulda for den aukande smitten i landet. Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad seier til Nyhetsmorgen at den nye varianten skal ha tatt over for deltavarianten i landet.

– Det betyr nødvendigvis ikkje at ein blir meir sjuk av den eller at vaksinane ikkje verkar, men ein er likevel bekymra for vaksineeffekten, sa Nakstad.

Han forklarar det med at endringar på tuppen av piggproteinet gjer det vanskeleg for antistoffar å feste seg. Nakstad seier vidare at Sør-Afrika vil i løpet av dei neste 14 dagane kunne kartlegge dette. Han tvilar heller ikkje på kompetansen til landet,

– Det er nok det landet som har mest kontroll på dette og gjer avanserte analysar, seier Nakstad.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no