Hopp til innhold

BBC: Johnson har utnemnd nye regjeringsmedlemmar

Ifølge politisk redaktør i BBC, Chris Mason, har Johnson utnemnd ei ny regjering. Det tyder at Johnson har klart å erstatte dei regjeringsmedlemmane som dei siste to dagane har trekt seg.

Sidan tysdag har nærmare 60 ulike statssekretærar og regjeringsmedlemmar gått av i protest mot Boris Johnson. Kven som overtar regjeringspostane er førebels ikkje kjent.

Det er venta at Boris Johnson vil tre av som partileiar for det konservative partiet i dag. Han vil truleg halde fram som statsminister til det konservative partiet har valt ein ny leiar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no