Barnesoldatar sto bak massakre

Massakren der 130 menneske blei drepne i Burkina Faso i juni, blei for det meste gjennomført av barnesoldatar i alderen 12 til 14 år, ifølge FN.

Massakren blei gjennomført på kvelden 4. juni då ei væpna gruppe storma byen Solhan i den urolege nordaustlege delen av landet. Dei opna eld mot innbyggjarane og brente ned bustadhus.

Lokale myndigheiter seier at ekstremistiske islamistgrupper har brukt barnesoldatar gjennom det siste året, men at angrepet 4. juni skil seg ut.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no