Barn påkøyrt i bustadfelt

Eit barn har blitt påkøyrt i eit bustadfelt i Finnsnes i Senja kommune, melder Troms politidistrikt. Barnet er frakta til legevakt med ukjent skadeomfang, og politiet er på veg. Pårørande til barnet er orientert.

I ei oppdatering kl. 14.20 skriv politiet at barnet var vaken og gav uttrykk for smerter då det blei frakta til legevakta. Dei er i dialog med bilførar og gjer undersøkingar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no