Baldwin i sjokk etter skyteulykke

– Der er ingen ord som kan forklare sjokket og sorga over den tragiske ulukka som tok livet at Halyna Hutchins, ei kone, ei mor og ein djup beundra kollega av oss, skriv Alec Baldwin på Twitter.

Han skriv vidare at han samarbeider med politiet og har kontakt med familien til den avdøde filmfotografen. Baldwin fyrte av eit skot som drap Hutchins under innspeling av filmen «Rust» i New Mexico i USA.

– Hjartet mitt er knust for mannen hennar, sonen og alle dei som kjente og elska Halyna, avsluttar han.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no