OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK Portretter

Her er du: NRK > Nyheter > Bakgrunn > Portretter

Oppdatert 22.10.2004 13:48

NYHETER
Innenriks
Utenriks
Økonomi
Kultur

Sport
Distrikt

Bakgrunn
Magasinet

Siste 48 timer
Sendinger

Trafikk
Vær
 
 

Melankoli og livsglede

Woolf, Virginia (1882-1941)

Publisert 22.03.2001 15:00 - Oppdatert 22.03.2001 15:05

Virginia Woolf var modernismens førstedame, og ho er blant dei store forfattarane i det 20. hundreåret. Ho blir utgitt i stadig nye opplag, blir omsett, lesen, dyrka. Det finst minst 60 biografiar om henne.

- Det er skjønnhet, poesi, musikk i Virginia Woolfs beste prosa, seier førsteamanuensis ved NTNU i Trondheim, Britt Andersen. Doktorarbeidet hennar har tittelen Tapets poesi. Kreativitet, tap og melankoli i Virginia Woolfs romaner. Romanen "Til fyret" er kjernen i Britt Andersens avhandling, eit verk ho ser som det mest fullkomne av det Woolf har skapt.

Tapet av moren

- Jeg leste den som en elegi. Hun har selv kalt romanen en elegi, og den har mange av elegiens kjennetegn. En elegi er en sørgesang som blir skrevet i anledning et dødsfall, og er et forsøk på å vinne tilbake nytt liv etter at noen er døde og borte. Den beskriver ofte ein reise over sjøen fram mot lys – elegien har gjerne motiver som en vandrer, en sjøreisende.

Selv sa Virginia Woolf at det å skrive "Til fyret" satte henne fri fra besettelsen etter tapet av moren da hun var 13 år – hun hadde hver dag i alle år etterpå hørt morens stemme og sett henne for seg.

Britt Andersen peikar på at Woolf veksla mellom tunge og lettare romanar – det kosta henne mykje å skrive og gje ut dei som låg nærast hjarta. Romanen Orlando kalla ho ein eskapade og ein vits. Men Andersen har ikkje berre superlativ på lager om Woolf, ho kan også vera utflytande og tung å lesa. Sjølv sa Woolf at noko av det ho skreiv var å samanlikne med ein blekk-klatt som flyt utover, men at ho hadde som mål å få bort daukjøtet frå romanane sine

Modernismen

- Forfatterne på denne tiden er på en måte mer beskjedne enn sine forgjengere, de tror ikke at de kan framstille sannsynlig et helt livsløp fra fødsel til død, eller hele samfunnet – men de tror at de kan gå i dybden, for eksempel gjennom et døgn, slik for Woolf gjør i sin strålende roman Mrs. Dalloway.

Men samtidig som dei er meir beskjedne, er dei også meir ærgjerrige. Dei ynskjer å skape ein heilt ny roman. Woolf tøyer romanen i alle retningar – drama, poesi, musikk. Til fyret er blitt samanlikna med eit musikkstykke i tre satsar.

Kvardagsleg og djuptgåande

An ordninary mind on an ordinary day er eit utgangspunkt for Woolf – ho blandar blomekjøp og betaling av rekningar inn i tankestraumar om liv, død, kjærleik. Det var særleg i romanen om Clarissa Dalloway at Woolf utvikla skrivemåten stream of consciousness – bevissthetsstrømmen - Woolf skildrar teknikken slik:

Undersøk et øyeblikk et alminnelig menneske på en alminnelig dag. Hjernen mottar et utall av inntrykk, trivielle, fantastiske, flyktige, eller slike som festner seg med stålets skarphet. De kommer fra alle kanter uten stans, og ettersom de kommer, danner de seg etter livet den spesielle dagen, og virkningen er forskjellig for hver gang. Livet er ikke en rekke lys symmetrisk ordnet, det er en lysende glorie, et halvt gjennomsiktig slør som omgir oss fra vår bevissthets begynnelse til slutten er nådd.

På Hitlers dødsliste

Virginia Woolf blir nemnd i same andedrag som modernistane James Joyce, Marcel Proust og Franz Kafka. Dei er sterkt opptatte av det å sjå, og måten vi ser på ut frå kven vi er. Men sjølv om det enkelte sinn er i sentrum, er verda i høg grad til stades: det buldrar ofte ein krig i bakgrunnen når Woolf skriv, og her er klasse, her er kjønn. Ho opplevde utbrotet av to verdskrigar, og det prega henne sterkt. Ho var svært kritisk til det britiske koloniveldet, og såg undertrykkinga imperiet representerte. Ho gjekk i skrift mot fascismen, og ho og mannen Leonard Woolf stod på Hitlers dødslister.
Den politisk radikale jøden Leonard Woolf visste kva som venta han i tilfelle tysk okkupasjon. Frå juli 1940 var dei to budde på å ta livet av seg ved hjelp av bileksos dersom det vart naudsynt.

Freud og psykoanalysen

Virginia Woolf sa ein gong at ho ikkje hadde lese noko særleg av Freud, men det er ikkje sannsynleg. The Hogarth Press, som mannen og ho dreiv, var først ute med å gje ut alle Freuds skrifter på engelsk. Men andre plassar takkar ho Freud for det han betydde, og seier at hennar generasjon forfattarar har analysert seg sjølve ærleg og oppriktig ved hjelp av dr. Freud.
Woolf gjekk aldri i psykoanalyse, ho var redd det skulle ta knekken på det kreative.

Ein narciss for Virginia

Virginia og mannen Leonard Woolf møtte Freud ein gong, i 1939, ikkje lenge før både Freud og Virginia Woolf døydde. Han gav Virginia ein blome – og kanskje ikkje ein tilfeldig blome – det var ein narciss. Leonard Woolf skriv at Freud hadde ein aura av stordom – og skapte inntrykk av ein ”halvt utslukket vulkan, noe dystert, undertrykt og reservert.” Og at han hadde noko få har: han ga eit inntrykk av ”stor blidhet” – men bak denne blidhet lå en stor styrke.”

Intellektuell elite

Virginia Stephen var fødd inn i ein familie med store intellektuelle ressursar, men ikkje særleg velståande. Faren Leslie Stephen arbeidde seg forderva med 26 bind litteraturhistorie - den engelske nasjonale biografiserien. Han var ein streng far: ”He was brutal, han var en tyrann,” har Woolf sagt.

Men det hadde i høgste grad med han å gjera at Virginia vart litteraturkritikar i ein alder av berre 22 år – sjølv om ho aldri, i motsetnad til brørne sine, fekk formell utdanning, noko som opprørde henne. Faren meinte tidleg at Virginia skulle bli forfattar – og systera Vanessa skulle bli målar. Og det vart dei, og fullverdige medlemar i omgangskretsen som fekk namnet Bloomsburygruppa - intellektuelle, stort sett menn – blant andre sosialøkonomen John Maynard Keynes, kunstfilosofen Roger Fry, forfattaren E.M. Forster, essayisten Lytton Strachey, og ektemannen Leonard Woolf.

Døden hyppig gjest

Familien Stephen vart ramma av fleire dødsfall medan Virginia var barn eller svært ung - først døydde Virginias mor da ho var 13 år. Så døydde Stella, ei halvsøster som hadde tatt moras plass. Seinare døydde ein bror, og far hennar da ho var 22. Båe foreldra hadde vore gift før, faren hadde eitt barn og mora tre barn, saman fekk dei fire barn. Ein av dei åtte, Laura, var psykisk utviklingshemma. Leslie Stephen var femten år eldre enn kona Julia Jackson Stephen, og Virginia skriv at han var ein vanskeleg, krevjande og avhengig ektemann. Med alle desse barna og denne ektemannen, vart mora meir eit generelt nærvær enn ein bestemt person for eit barn: ”Hugsar eg at eg nokonsinne var åleine saman med henne i meir enn nokre få minutt? Einkvan kom alltid og forstyrra.”

Da mora døydde var kjenslene hennar som fastfrosne, ho såg ein sjukepleiar gråte over mora, sjølv kjende ho trong til å le. Ho greidde ikkje å sørgje. Eit gjennombrot i sorga kom først da ho skreiv Til fyret, sjølv om ho ikkje vart kvitt melankolien ein gong for alle.

Overgrep

Det er blitt gjort forsøk på å sjå forfattarskapen i lys av at barnet Virginia vart utsett for seksuelle overgrep – lite fruktbart, synest litterturforskar Britt Andersen. Men incest er eit tema i Virginia Woolfs debutroman The Voyage out, og seint i livet skreiv Woolf om dette i ei sjølvbiografisk skisse: A Sketch of the Past. Det var den eldre stebroren som skulle ha begått overgrep mot henne – under dekke av å ha omsorg for dei yngre barna da mora døydde.


Melankoli

Virginia Woolfs debutroman kom ut i 1915, og litt seinare gav Freud ut sin artikkel om Sorg og melankoli. Freud meiner sorg og melankoli har mange likskapstrekk. Årsak til båe er tap av eit elska objekt, og det å kutte dei libidale bindingane til den elska personen og frigjera seg frå sorga, vekkjer alltid motstand. Men over tid vil den sørgjande greie dette og kanskje investere kjærleiken i eit nytt objekt. Men melankolikaren greier ikkje skilje seg frå kjærleiksobjektet. Melankolikaren kapslar inn sorga, som skaper eit indre smertefullt rom. Den manglande sorga fører til ei oppleving av noko tomt – Virginia Woolfs forfattarskap viser eit eg som er såra og tomt, metaforen tomt rom går att i forfattarskapen. Men det som i dei første bøkene er framstilt berre som eit tomrom, er i dei seinare bøkene fullt av motstridande kjensler, sinne, hat, sorg, sakn, kjærleik. Når ho går inn i dette tome rommet bearbeider ho sorga, og det skjer ei kreativ gjenskaping som ser ut til å hjelpe på tungsinnet.

Forelska skrift

At melankolien har vore ein veg til kreativitet har vi sett opp gjennom historia, seier Britt Andersen. Også i det gamle Hellas var gjerne kunstnaren framstilt som melankolikar, i periodar gal, i andre skapande. Freud sa at melankolikaren har evne til å sjå sanningar som ikkje andre ser.
- At kunsten evner å omforme lidelsen, det tror jeg Virginia Woolf må ha følt. For her er skriften forelsket og fantasien melankolsk. Det er en utrolig forelskelse i skriften og i gleden over å gjenskape det som er tapt. Hun lærer mye av Freud, men hun er også irritert på ham, ikke minst for hans forståelse av kjønn.
Ho går ikkje av vegen for å harsellere med og snu opp ned på enkelte av Freuds teoriar.

James Joyce: kalkulert uanstendighet.

Den skarpe pennen brukte ho også i litteraturkritikk og i essayskriving – det finst seks bind med litteraturkritikk frå hennar hand. Om Ulysses av James Joyce skriv ho: ”Uanstendigheten til Joyce i Ulysses ser for meg ut som en bevisst og kalkulert uanstendighet til en desperat mann som føler, at for å puste må han knuse vinduene. I øyeblikket, da vinduet knuses, er han praktfull!” Men i dagboka er ho meir direkte – ho meinte at trass i originaliteten, var Ulysses pubertal og pretensiøs, som skriven av ”en kvalmende student som klorer i sine filipenser.”

Det er udiskutabelt at ho betydde mykje på felt som modernisme og feminisme. Ho skreiv i ei lang rekkje engelske og amerikanske aviser og tidsskrift, seier Britt Andersen.
- Hun skrev for The Labour, arbeiderklassens avis, hun skrev for feministtidsskrifter, hun skrev i Times Litterary Supplement fra hun var 24 år, og i T.S. Eliots tidsskrift Criterion.
- Og hun skrev om det meste i den vestlige litterære kanon, ofte om hele forfatterskap. Hun lærte seg gresk, latin og fransk, og en del russisk, for å kunne assistere i oversettelsen av bland andre Dostojevskij.

Høgdepunkt for essayisten Woolf er Modern Fiction, som kom i 1919 og vart eit manifest for kva moderne fiksjon var. På 1930-talet tok ho til å skrive som feminist, og da kom det berømte essayet Et eget rom.

Ikonet Virginia Woolf

Britt Andersen seier at saman med Marilyn Monroe er Virginia Woolf den mest avbilda og feira kvinna i det 20. hundreåret – på ein konferanse i USA la ein forskar fram materiale som viste omfanget:

- Jeg tror det var over 3000 forskjellige ting, bilder på teskjorter og tekopper og plakater. Og det var også alle disse som har brukt henne politisk i kvinnebevegelsen, homobevegelsen og til og med i fangeopprør. Jeg tror det skyldes det klare blikket Woolf hadde for undertrykkelse, det å være den underordnede og den andre i sin kultur. Det setter også romanene hennes veldig bra ord på.

Woolf har også inspirert til musikk – den amerikanske komponisten Dominick Argento fekk i 1975 Pulitzer-prisen for sangsyklusen Frå Virginia Woolfs dagbok. Gruppa Indigo Girls har også latt seg inspirere av dagbøkene, her er eit utdrag frå teksta:

Dei publiserte dagboka di og eg vart kjend med deg –
nøkkel til ditt eige rom og eit uutgrunneleg sinn.
Her er ei ung jente på ei slags telefonline gjennom år.
Stemma i den andre enden kjem som ein venn eg lenge har sakna.

Tok sjølv steget

I essayet The Common Reader fortel Woolf ein fabel, der lesaren er i det hinsidige saman med store erobrarar, advokatar og statsmenn, som kjem for å få si løn på Domens dag. Da vil den Allmektige snu seg mot St. Peter og seia, ikkje utan misunning, når han ser oss koma med bøkene under armen:
”Sjå der, dei treng inga løn. Vi har ikkje noko å gjeva dei her. Dei har elska å lesa.”
Virginia Woolf bestemde sjølv kva dag ho skulle krysse grensa til det hinsidige, og som så ofte i bøkene valde ho vatnet:

- Det var i 1941, samme år som Karin Boye tok sitt liv. Krigen var brutt ut, en nevø av henne falt i krigen, London ble bombet, også Woolf-ekteparets hus, og de rømte på landet. Det var mange ting som forsterket det psykiske denne gangen. Hun var redd for å bli gal og aldri bli frisk igjen. Hun fylte lommene sine med stein og vandret ut i elva Ouse. Hun etterlot seg et veldig pent brev til Leonard Woolf, om alt hva han hadde betydd

Det var eit sterkt og varmt forhold i alle år. Ho ville gjerne ha barn, men vart frårådd det av helsegrunnar. Samtidig hadde ho sans for kvinner, og ikkje berre som venner.
Ho hadde eit forhold til Vita Sackville-West, ei vakker overklassekvinne, også forfattar, men av mindre format enn Virginia Woolf. Det resulterte i det som er blitt kalla århundrets lengste kjærleiksbrev, Woolfs roman Orlando.


Av Astrid Brekken
Sånn er livet, NRK P2, 26. mars 200
Reprise 13.august 2001


 
 
SØK

boks_topp_transparent.gif
PORTRETTER
boks_bunn_transparent.gif
10 SISTE NYHETER

Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   03.01.2009 01:07