OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK Portretter

Her er du: NRK > Nyheter > Bakgrunn > Portretter

Oppdatert 22.10.2004 13:48

NYHETER
Innenriks
Utenriks
Økonomi
Kultur

Sport
Distrikt

Bakgrunn
Magasinet

Siste 48 timer
Sendinger

Trafikk
Vær
 
 

Lessing, Doris (1919-)

Publisert 02.01.2001 09:23 - Oppdatert 30.11.2001 09:55

Det er blitt sagt om Doris Lessing at ho skriv slik at det endrar folks liv. Den gyldne notatboken (1962) blir ofte nemnd i same åndedrag. Forfattarskapen hennar blir også skildra som ein vedvarande studie i einsemd. Det er femti år sidan ho debuterte med Det synger i gresset.

Ho kom brutalt til verda i Teheran i 1919 – ho vart tatt med tong. Etter fem år flytta hennar britiske foreldre med henne og lillebroren til Sør-Rhodesia, i dag Zimbabwe, til eit liv som langt frå vart enkelt, og dei sleit med dårleg råd.

Under huden

Der vart ho farmardotter, ho køyrde bil som elleveåring, streifa rundt på velden og lærde tidleg å skyte småvilt. Mora var ein dyktig sjukepleiar, men slutta i yrket da ho gifta seg, og ho mistrivdes i Afrika. Doris Lessing skriv i sjølvbiografien Under huden (på norsk i 1995) at ho i årevis levde i ein tilstand av anklage mot mora:

”…først opprørt, senere kald og hard, og smerten, for ikke å si pinen, var dyp og ekte. Men nå spør jeg meg selv: mot hvilke forventninger, hvilke løfter, målte jeg det som faktisk skjedde? Nå ser jeg henne som en tragisk skikkelse som levde ut sine skuffende år med mot og verdighet.”

Flytta frå barna

Noko som har undra lesarar av sjølvbiografien er at ho i så liten grad har tatt opp si eiga rolle som mor i høve til dei to første barna sine: ho gifta seg som tjueåring, fekk barna tett på kvarandre, og reiste frå dei da dei var små.
I intervjuet NRK P2 har med henne seier ho at dette valet gjekk på liv og død:

"Dersom jeg ikke hadde flyttet fra dem, er det ingen tvil om at jeg enten ville fått et nervøst sammenbrudd eller blitt alkoholiker. Det som imponerer meg nå er at jeg var intelligent nok til å se dette da jeg var så ung. Det var det verste jeg har gjort i livet, men det var også det mest intelligente.”

Lidenskap for kattar

Ho flytta til London i 1949 med sonen Peter frå andre ekteskap, og bur nå i eit typisk engelsk rekkjehus i West Hampstead med ein vanskeleg katt – ho har skrive bøker om kattane sine - og pinnsvin i ein kvisthaug i hagen. I 1950 debuterte ho med Det synger i gresset. Filmversjonen av denne romanen kom i 1984 med tittelen Killing Heat.

Sidan er det blitt over femti romanar, novellesamlingar, skodespel og dokumentarbøker. Spennvidda hennar er stor: britisk kolonialisme, apokalyptiske visjonar av eit framtidig London, fleire science fiction-romanar, og livet til ei ung jente som veks opp på den afrikanske velden.

Nådelaus mot kommunismen


Ho tar fatt i sentrale 1900-tallstema: kommunisme, feminisme, terrorisme og rasisme. Hun var sjølv kommunist i mange år, men er i dag nådelaus i si fordømming av kva denne ideologien førde til.

Ho blir av mange sett på som ein av vår tids største forfattarar, og ikkje minst blir bøkene frå det afrikanske kontinentet framheva: ho har lytta til Sør-Rhodesia på ein måte som ingen annan forfattar har gjort.

Av Astrid Brekken
NRK P2, På livet laus, 1. januar 2001




Andre portrett
Ulf Nilsen (26.10.2001)
Alfred Nobel (31.08.2001)
Wildenveys gløymde barn (09.07.2001)
Spielberg, Steven (1948-) (18.06.2001)
Atomoffer – uten å vite (16.05.2001)
Lange, Christian (1869-1938) (14.05.2001)
Friedan, Betty (1921-)  (04.05.2001)
En åpen hånd (09.04.2001)
1900-tallets kristne idehistorie (05.04.2001)
Norsk og berømt i Peru (04.04.2001)
Greene, Graham (1904–1991)  (02.04.2001)
Medfølelse - ikke medlidenhet (26.03.2001)
Woolf, Virginia (1882-1941) (22.03.2001)
En havets Rambo? (22.03.2001)
Rilke, Rainer Maria (1875-1926) (16.03.2001)
Brown, Anne (1912-) (14.02.2001)
Odd Nerdrum (19.12.2000)
Utrolig møte med ukjent far (18.12.2000)
Stensen, Niels (1638-1686) (12.12.2000)


 
 
SØK

boks_topp_transparent.gif
PORTRETTER
boks_bunn_transparent.gif
10 SISTE NYHETER

Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   02.01.2009 21:18