OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK Portretter

Her er du: NRK > Nyheter > Bakgrunn > Portretter

Oppdatert 22.10.2004 13:48

NYHETER
Innenriks
Utenriks
Økonomi
Kultur

Sport
Distrikt

Bakgrunn
Magasinet

Siste 48 timer
Sendinger

Trafikk
Vær
 
 

Med et kall fra Gud:

Nightingale, Florence (1820-1910)

Publisert 13.12.2000 12:31 - Oppdatert 30.11.2001 10:07

Ho er kvinna med jernvilje frå Krim-krigen, skarp i kantane - og hjartegod. Florence Nightingale var ein stor helsereformator, og ein pioner i bruken av statistikk. Ho var dyrka av folket og frykta av byråkratane.

Krigsministeren sende henne til Krimkrigens helvete. Legane prøvde å fryse henne ut – sanitetssjefen ville helst steikt henne sakte – men ho endra lasaretta frå dødsfeller til brukbare sjukehus.

Opprørt av krigsrapportar

Sjeldan er eit folk blitt så opprørt som det britiske da krigskorrespondenten William Howard Russel i midten av oktober 1854 sende heim rapportar til The Times om tilstanden ved krigssjukehuset i Skutari, der den tyrkiske armeen lånte ut kasernene sine som lasarett for britiske soldatar under Krimkrigen.

I perioder døydde annankvar pasient. Avdelingane var overfylte, ofte to i same seng – mange på golvet. Mange hadde ikkje anna å ligge på enn blodige soldatkapper. Når sjukehuspresten sette seg på golvet for å skrive ei siste helsing frå døyande soldater, måtte han gong på gong børste bort lus frå arket.

Født inn i overklassa

Dette var det Florence Nightingale møtte da ho steig inn i sjukesalane til den engelske armeen i november 1854 i Skutari nær Istanbul. Den engelske ambassadøren budde like ved i eit praktfullt palass med tonnevis av sølvtøy og 25 tenarar. Han hadde aldri sett sine bein i krigslasarettet i Skutari.

Florence Nightingale var født inn i engelsk overklasse. Og ho var rasande på ulikskapen i samfunnet. Fødestaden hennar var Firenze i Italia, der familien var på årelang reise. Europa jubla framleis over at Napoleonskrigane var slutt, britane kunne igjen reise fritt på kontinentet. Ho vart oppkalla etter byen – Florence. Det blir sagt at ho var den første som fekk dette namnet, som seinare er blitt vanleg i England.

Fekk tidleg sjå ulikskapen

Florence var skarp, hadde stor glede av matematikk, og frå ho var barn skreiv ho - både dagbøker og det ho kalla personlege notat. Som ung skreiv ho ein roman, "Cassandra", som aldri vart utgitt – sjølv meinte ho det ville blitt oppstyr, for der stod det ting som pene unge damer ikkje skulle seia.

Ho fekk tidleg sjå urettferda og ulikskapen i samfunnet på veldedige runder saman med mora i fattigstovene. Ho skreiv på notatblokkane sine: ”Vi er snyltere. Menneskene må hjelpe hverandre!”

Ho voks opp til å bli ei vakker ung kvinne, med kastanjebrunt hår og grå augo. Ho debuterte i selskapslivet og vart presentert ved hoffet, ho reiste med familien til kontinentet og var borte i to år, ein strålande tur – og heile tida følte ho at ei oppgave venta på henne – ho hadde ei spesiell oppleving som 16–åring, da meinte ho at ho fekk eit kall frå Gud.

Nei til ekteskap

Kva kallet ville gå ut på, visste ho ikkje. At ho skulle pleie sjuke, var altfor fjernt for ei kvinne frå overklassa. Marsjordren var: bli gift!

Florence mangla ikkje friarar. Ho vart glad i Richard Milnes – ein sympatisk kar, politikar og diktar – og familien såg han som eit godt parti. Men åra gjekk – ingenting skjedde.

Ho hadde eit kall, og dersom ho gifta seg, ville ho ikkje kunne oppfylle det. Sjukepleiarar stod lågt på ranglista den gongen, sjukehusa var ei historie for seg: Da ho skjønte at hennar gjerning låg i denne retninga, gjekk ho lenge og grudde seg for å snakke med mora om det.

Blei deprimert

Motstanden frå familien var steinhard. Mora skulda henne for å ha løynde lyster om å få eit forhold til ein eller annan simpel lege, og at ho hadde pervers glede av å sjå blod.

Florence Nightingale vart djupt deprimert. Ei tid låg ho til sengs og ville ikkje sjå nokon. Men ho mista ikkje målet av syne, ho utdanna seg nærast i smug til helsearbeidar, las bøker og besøkte sjukehus. Og ein skal ikkje sjå bort frå at eit kall frå Gud var ei hjelp mot kritikken som hagla over henne fordi ho braut med tradisjonane for korleis kvinner skulle oppføre seg.

I ni lange år venta Richard Milnes på henne. Ho måtte gje han eit svar – det var frykteleg for dei båe at svaret var nei. Mora fekk raserianfall, faren kalla det dårskap.

Ikkje ei svane – ei ørn

Etter knallharde runder med familien fekk ho som 29-åring reise til eit diakonisseinstitutt i Tyskland for å lære meir om sjukepleie og administrasjon, og ho var på studiereise i Paris. Da ho kom tilbake, flytta ho for seg sjølv – også akkompagnert av jammer frå mora. I 1853, 33 år gamal, var det ingenting som lenger kunne stanse Florence Nightingale.

Ho hadde venner innan toppskiktet, blant politikarar – krigsministeren var ein nær venn – det var ei sosial vekking i samfunnet, Charles Dickens skreiv sine store romanar. Det var blitt større interesse for å løyse problema. Og dette året fekk ho si første sjølvstendige stilling – som forstandarinne for eit hospital for ”syke gamle damer fra den dannede klasse”.

Ho valsa opp med komiteen av pene gamle damer som stod over henne – ho hadde ikkje sansen for ”fornemme fjols” som ho sa – det dei kunne best var å drikke te og tvihalde på gamle meiningar - og ho godtok ikkje at hospitalet berre skulle ta imot protestantar.

Skapa eit mønsterbruk

Ho ordna opp i alle praktiske manglar, førde rekneskap og etter eit halvt år var Harveyhospitalet kjent over heile London som eit mønsterbruk. Sommaren 1854 braut det ut ein kraftig koleraepidemi i London. Florence Nightingale melde seg som frivillig til å ta seg av dei verste tilfella – blant andre dei prostituerte.

Det tok til å gå gjetord om kva Florence Nightingale utretta. Mora såg på henne med nye augo, og sa at dei hadde visst klekt ut ei vill svane. Andre sa: ikkje ei svane, men ei ørn. Og på henne venta ei katastrofe: Krimkrigen.

Krimkrigen braut ut i 1854. England,Frankrike og Tyrkia gjekk til krig mot Russland, som var ute etter makt i Tyrkia. Felttoget var elendig førebudd. 30 000 mann vart sende over Svartehavet til Krim, men store delar av forsyningane låg att i Varna i Bulgaria. Da lasaretta på Krim var fulle, vart såra sende over Svartehavet, stua saman i dårlege båtar. Reisa tok opp til to veker, og soldatane døydde som fluger.

Her trengs ikkje kvinnfolk!

I artikkelen frå krigskorrespondent Russel i The Times stod det at franskmennene var langt betre organiserte, og dei hadde barmhjertighetssøstre som tok seg av dei såra og sjuke. Kvifor har ikkje vi barmhjertighetssøstre?! Tordna The Times på leiarplass.

Da var timen komen for Florence Nightingale. Brev frå henne der ho sa ho ville reise til feltlasaretta i Skutari og vaske vekk denne skamflekken på Englands ære – kryssa brev til henne frå krigsministeren – hennar gode venn Sidney Herbert, der han spurde henne om ho ville ta på seg oppdraget.

Ho samla 38 nonner og sjukepleiarar, og visste at mange av dei ikkje var skikka til jobben som venta. Da dei kom fram vart dei møtt av sanitetssjefen, dr Hall, med desse orda: ”Sjå å få ”skjørta” heim igjen til dei lune salongane!”

Sat ved to tusen dødsleie

Så kom nedstiginga til helvete. Det var over to tusen såra og sjuke i Skutari – og kvar dag kom nye båtlaster frå fronten på Krim. Operasjonane var mest amputasjon av armar og bein. Pasienten vart lagt på to plankar, under stod ei kasse sagflis for å samle opp blodet. Det skjedde inne i sjukesalen.

Ho fekk tak i eit skjermbrett så dei som venta på tur ikkje heilt skulle misse motet. Dei fleste strauk med etter operasjonen, fordi det var så ekstremt ureinslege tilhøve. Dessutan var kjøkkenet elendig, og dei sjuke fekk dårleg og for lite mat. Florence Nightingale var til stades ved nærare to tusen dødsleie denne vinteren i Skutari. Ho sa at alt for mange måtte døy åleine, og at ho møtte eit mot og eit tålmod som ho aldri gløymde.

Fransk kokk

Ho stanga hovudet i eit vanvittig byråkrati – alle dei ”flatklemte militære hovuda” som ho kalla dei – dei våga ikkje ta personleg ansvar sjølv om dei visste at dei heldt på med det skjære vås. Store mengder skjorter og laken og mat låg på lageret, men ho fekk det ikkje ut. Til sist deponerte ho pengar frå Timesfondet – innsamla midlar ho hadde fått med seg. Da var forvaltningssjefen til slutt villig til å la henne få nye skjorter.

Maten var elendig på lasaretta, og ho visste at mat var sers viktig for dei sjuke. Ho gjorde ein stor innsats, og så kom eit mirakel i form av ein fransk kokk. Han såg ut som ein operettehelt med knebelsbart og fløyelskappe, kom rett frå ein eksklusiv klubb i London, og hadde med seg ein svart mann som han kalla sekretærkokk. Han laga nærande mat, konstruerte omnar til brødbaking, og han laga ei innretning som kunne halde tevatnet kokande varmt til hundre mann av gongen.

På eit tidspunkt låg det 4000 mann på feltlasarettet. Da det kom beskjed om at nye 800 var i anmarsj frå Krim, bestemte Florence at det var berre ein ting å gjera: bygge om ei fløy som hadde stått tom etter ein brann for fleire år sidan – lynfort.

Ho brukte pengar frå Timesfondet - som ho ikkje skulle ha gjort, bygginga var statens ansvar, og saka skulle gått runden i byråkratiet.

- Nå får vi sjå Nightingale-makta i fullt flor. Prestinne Florence meiner ho har guddomeleg fullmakt til å bruke nasjonens pengar som ho finn det for godt, skreiv ein motstandar i pressa.

Men ho hadde støtte hos dronning Victoria, regjeringa og armésjefen – og i folket.

Lubben dame til haremet?

Gjennom vinteren i Skutari satt ho oppe i det vesle tårnkammeret sitt, tinte opp blekkhuset, fekk fyr på varmebekkenet og tinte opp sine eigne føtter, og skreiv endelause lister med forslag til innkjøp og forbetringar: skjorter, sokkar, vaskefat, bord og benkar, gulrøter og kål, operasjonsbord, håndkle, støtteputer til amputerte armar og bein, og ikkje minst lusemiddel.

Rommet hennar vart kalla Babels tårn. Hit kom ein skare av folk – frå sjukepleiarar og legar og offiserar til tyrkarar og grekarar, med krav og spørsmål av alle slag: Ho visste ikkje om ho skulle le eller gråte da ein tyrkisk utsending måtte snakke med henne. Han trong så inderleg ein lubben engelsk sjukepleiar til sultanens harem.

Når alle var gått, skreiv Florence dei endelause rapportane til styresmaktene heime. Florence Nightingale vart dyrka og beundra, men hadde også motstandarar – også blant sjukepleiarane sine. Ho kravde jarnhard disiplin, noko som ikkje alle greidde rette seg etter.

Ei avhandling til krigsministeren

I januar 1855 var katastrofen på sitt verste under Krimkrigen, berre ti tusen mann av heile den britiske hæren vart rekna som friske. Tolv tusen låg på lasaretta.

Da tok ho seg tid til å skrive til krigsministeren for å leggje fram det ho kalla ei skisse til forbetringar. Det ho kalla ei skisse, var i røynda ei heil avhandling, med detaljerte forslag om økonomi, kurs i kirurgi for legar i felten, forbetring av kjøkken og vaskeri, kva utstyr som burde høyre til kvar sjukeseng. Og ho kom med inntrengjande oppfordring om at det skulle førast skikkeleg statistikk over dødsfalla, slik at ein kunne lære av det som skjedde.

For dei fleste er Florence Nightingale skaparen av moderne sjukepleie, bygd på innsatsen hennar i Skutari og Balaklava på Krim. At ho var pioner i bruk av analyse og statistikk er ettertida knapt klar over. Ho hadde ynskt å studere matematikk. At statistikk også kan brukast i sjukesalen, og ut frå det skape forbetring, forstod ho som ein av dei første i verda.

Regjeringa måtte gå

Det ho såg denne vinteren ved Svartehavet var at nesten halvparten av soldatane døydde. Til tider var talet enda høgare. Berre få døydde av sår og skader, dei fleste strauk med av kolera, tyfus og dysenteri – smittesjukdomar dei fekk på lasarettet.

Det vart gjort store forbetringar etter at Florence Nightingale tok over leiinga, likevel var dødsstatistikken katastrofal. Bygningane, kloakksystemet og vassleidningane var bakteriebomber.
Kritikken mot regjeringa vart så sterk at ho måtte gå av – dermed gjekk også krigsministeren – Sidney Herbert, hennar gode venn.

Fekk kommisjonen på vitjing

Den nye regjeringa gav Florence full støtte, og sende ein kommisjon for å undersøkje dei sanitære tilhøva, noko ho lenge hadde bede om. Kommisjonen kom i slutten av februar 1855, leia av dr. Sutherland, som var dyktig og uredd. ”Tilstandene her er morderiske”, skreiv han i første rapporten heim.

Kloakksystemet vart reinsa og reparert, vegger vaska og kalka, rottene kverka. Berre på få veker gav arbeidet resultat. I løpet av våren sokk talet på døde frå 40 til 2 prosent. Stemninga vart lysare for kvar dag.

Nå kunne pasientane få ei skikkeleg mottaking når dei kom frå skyttargravene og slagmarkene: Alle fekk eit bad, fekk klipt hår og skjegg. Skitne, fillete klær vart brende, alle fekk reint tøy og vart lagt i skikkelege senger. Og dei fekk god, nærande mat. Våren kom – på høgdene ved Sevastopol tok krokus og hyasintar til å bløme.

Krimfeberen rammar også henne

Florence Nightingale fylte 35 år denne våren. Vinteren hadde tatt hardt på henne. Men ho ville til Krim for å sjå kva ho kunne gjera med feltlasaretta der, og for å sjå slagmarkene.

Ho vart tatt imot med jubel av soldatane, og fekk fanget fullt av liljer og orkidear frå slettene rundt leiren. Men dr. Hall som hadde ansvaret for saniteten, og som hadde motarbeidd henne frå første dag i Skutari, var rasande over kritikken som hadde ramma han. Nå nekta han å innkvartere henne.

Ho og følgjet hennar budde i båten dei kom med, og ho gjekk i gang med inspeksjon av lasaretta. Tilhøva var like ille som dei hadde vore i Skutari.

Ein folkehelt

Men ein kveld svima ho av. Ho svevde mellom liv og død i to veker. Ho hadde fått Krimfeberen, som ein meiner må ha vore tyfus. Men ho kom seg såpass at ho kunne reise frå Krim. Utmagra, med det store flotte håret kortklipt, vart ho innlosjert i huset til feltpresten. Ho kom seg på beina og tok fatt på nytt.

Florence Nightingale var ei levande legende frå den dagen ho reiste til Krim, og da det vart kjent at ho var sjuk, skreiv avisene at ”heile folket held pusten”. Da ho vart frisk, gret folk av glede. Ho var ein folkehelt.

Organiserte undervisning

Det var stillare ved fronten utover hausten, ho kunne lyfte blikket frå sår og blod og forsyningslister. Og ho såg at alkohol også var del av krigens redslar, når soldatane prøvde få tida til å gå i dei fryktelege forlegningane.

Offiserane kalla soldatane udyr, og gjorde ingenting for å hindre at dei drakk seg frå sans og samling. Ho vart møtt av hån frå offiserane da ho ville opprette lese- og skriveundervising, for mange av soldatane kunne ikkje lesa. Men ho fekk gjennomført det, og organiserte store lesesalar med aviser og skrivesaker. Dei verste brennevinsbulene vart stengde.

Ho fekk orden på heimsending av pengar – den engelske soldaten var leiesoldat, og fekk også løn når han var såra og låg på sjukehus. Men vart han sjuk - fekk skjørbuk eller kolera, mista han løna.

Florence Nightingale meinte dette var toppen av umoral, og etter harde runder med styresmaktene fekk ho endra regelverket. Ho gjorde med andre ord ein stor innsats for velferden til soldatane, og var med på å endre synet på soldaten som ei fordrukken bølle – akkurat som ho endra folks syn på sjukepleiarar, frå lettliva og sjuskete kvinnfolk til profesjonelle helsearbeidarar.

Soldaten i fredstid

5. november 1855 var det eitt år sidan Florence Nightingale kom til Skutari. Men ho var ikkje klar til å reise heim, sjølv om slekt og venner i England bad henne innstendig om å tenkje på eiga helse. Ho ville tilbake til Krim og til Balaklava, ho hadde ikkje fått utretta stort der. To gonger til tok ho den lange turen over Svartehavet. Kampane var stilna, men ein ny koleraepidemi herja, og sjukehusa var overfylte.

Endeleg kom ordren frå London om at ho skulle vera øvste sjef for sjukepleien også på Krim – sjølv sanitetssjefen dr. Hall måtte lystre ordre frå henne.

Men så tok kampane slutt. 29. april 1856 var freden eit faktum. Ingen visste riktig kven som hadde sigra og kven som hadde tapt. Engelske og russiske soldatar satt i kneipene og drakk seg fulle saman, og ikkje lenge etter var Sebastopol russisk igjen.

Ville bli igjen til siste slutt

Dr. Hall, sanitetssjefen, fekk Riddarkorset for den store innsatsen sin for hær og sanitet, og Florence Nightingale gret bitre tårar på dei dødes vegne, og sa: ”Riddar av gravene på Krim ville vore riktigare å si.”

Sjukepleiarane reiste heim i små grupper, alle med attest frå Florence, slik at det skulle bli enklare for dei å få skikkeleg arbeid i England. Og dei tok på seg å frakte ”krigsbyttet” hennar – ein hund frå Krim, ein katt frå Skutari, ein liten skipsgut med eitt bein, og ein foreldrelaus liten russisk gut, som kom på skole i England.

At ho ville bli igjen til siste soldat var reist, fekk stemninga i heimlandet til å nå kokepunktet. Det vart nærast eit folkekrav å samle inn pengar til ei nasjonal æresgave til henne. Tidlegare krigsminister Sidney Herbert og mannen ho sa nei til – hennar kjære venn Richard Milnes, danna komite og innkalla til stort offentleg møte i London. Fanny, mor til Florence var på møtet, og skreiv til dottera at dette var den mest interessante kvelden i hennar liv. Ingen hadde nokon gong opplevd maken.

Heidra av dronninga

Florence ba om at pengane skulle gå inn i eit fond. Når ho fekk kreftene igjen, ville ho bruke det til utdanning av sjukepleiarar. Tanken fekk varm støtte, også frå den kongelege familien, og Florence Nightingale fekk personleg brev frå dronninga, saman med ei brosje, der det stod ”Krim – velsigna er dei barmhjertige”.

Så reiste Florence heim til London, saman med ei tante som hadde vore ei tid hos henne. Dei skreiv seg inn på passasjerlista som fru Smith med dotter. Florence ville ikkje feirast.

Ein sommarkveld fekk familien – faren, mora og systera – auga på ei svartkledd kvinne som kom gåande opp alleen. Det var Florence Nightingale som kom heim frå krigen. Ho var sjuk. Ho gjekk fram og tilbake på rommet sitt, og skreiv på lappar og serviettar: ”Eg kan ikkje gløyme. Eg kan ikkje gløyme. 16 000 engelske menn måtte døy fordi vi ikkje hadde ein sanitet som kunne hjelpe dei.”

Ville reformere behandlinga av soldatar

Det hadde det vokse fram ein uklar kjærleik til den britiske hæren hos henne. Soldatane var offer, og hennar djupaste instinkt var å vera ofras forsvarar. Lojaliteten som fekk ein soldat til å gje livet sitt for kameraten, motet som sett han i stand til å gå på i eldregnet frå fienden – dei eigenskapane fann ho hos menn som hadde ei løn på ein skilling dagen.

Men ho var langtfrå sentimental i synet på den britiske soldaten. ”Kva har han gjort med pengane sine – drukke dei opp?” rabla ho ned i Skutari. ”Han bed oss finne ein jobb til kona si – det var best han sa kva kone.” Dronning Victoria baud seg til å sende Eau de Cologne til soldatane . Florence sa at nokon heller burde fortelja henne at litt brennevin ville vera meir kjærkome. Ho hadde sett seg eit nytt gigantisk mål: å reformere behandlinga av den menige britiske soldat.

Det velta inn med blomar, tiggarbrev, friarbrev, gaver og innbydingar etter at ho kom tilbake til England. Systera Parthenope tok seg av det, Florence hadde ikkje tid, krefter og lyst til å møte menneske. For ho var i full gang med å undersøkje korleis den engelske soldaten hadde det i fredstid, heime.

Ei sterk bekjenning

- Det er berre eitt ord som dekkjer det eg har sett. Og det er morderisk. Den britiske soldaten verva seg rett inn i døden når han gjekk inn i arméen, det er sanninga. Dette sat styresmakten og såg på, med iskalde hjarte. Vi kunne like gjerne sende 1500 mann ut i skogen og skyte dei, kvart år, som å ta dei inn i kasernene og la dei dø der. Og sjukehusa var likkister! Det døydde dobbelt så mange menn innan det militære som i det sivile, enda dette var handplukka, sterke folk frå dronningas eige garde! Og grunnen var: elendig ventilasjon, elendig kost og elendig drikkevatn. Og eit tomt liv i lediggang. Når livet stod på spel for tusenvis av ung soldatar sjølv i fredstid, kunne eg ikkje berre sitja og sjå på, skreiv Florence Nightingale.

Ho ville forandre sanitetsvesenet, ho ville rokke ved det konservative engelske militærsystemet. Med støtte av dronning Victoria vart det satt ned ein kommisjon – Florence kunne ikkje sjølv sitja der, ho var jo kvinne, men ho la planane, valde ut medlemene og dreiv arbeidet framover.

Sigra til slutt

I krigsministeriet var motstanden mot endring bastant. Florence Nightingale skreiv eit dokument på over 800 sider med forslag til korleis ein kunne nyorganisere sanitetstenesta i den britiske hæren. Det har hatt innverknad på både militært og sivilt helsevesen i mange land.

Men det tok mange år før arbeidet førde til resultat, og i perioder var ho sengeliggande. Men hjernen var det ingenting i vegen med. Og langt om lenge sigra ho og medhjelparane hennar. Dødsprosenten sokk, og helse og trivsel for soldatane steig. Brakker og sjukehus vart ombygde, soldatane fekk luft og lys, skikkeleg mat og drikkevatn. Og lesesalar.

India

Så vende ho blikket mot India. Dødstala i den engelske arméen i India var uhyggeleg høge – det var fyll, kolera og syfilis. Ho var aldri i India, men ved hjelp av hundrevis av spørjeskjema fekk ho svar på det ho ville veta. Ho skreiv ei bok på 2000 sider med tittelen ”Korleis folk kan leva, og ikkje dø, i India.”

Ureinslege tilhøve og farleg drikkevatn var verste problema. Bygging av vassverk stod øvst på lista – dei ville også koma indarane til gode.

Det tok år å få gjennomført endringar, og ho fekk på nytt høyre leksa om ”puter under armane på udyr” – og ”herregud, nokre soldatliv frå eller til”. Noko som fekk henne til å utbryte: ”Eg hadde ofte lyst til å sprengje departementa i lufta med ein helvetesmaskin av eige fabrikat!”

Nightingaleskolen

Så tok ho endeleg fatt på det ho også hadde brent for å gjera: få i stand utdanning av sjukepleiarar, ved hjelp av nasjonalgava på nesten ein million kroner. Målet var at dei som utdanna seg på Nightingaleskolen, skulle reise ut og lage nye skolar for sjukepleiarar over heile England.

Men heller ikkje dette gjekk glatt. Ho fekk ikkje sitja i styret for skolen, ho var kvinne. Så ho styrde frå kulissene. Elevane vart handplukka av henne, og skolen hadde jerndisiplin. I 1859 skreiv ho den berømte boka ”Notes on nursing – what it is and what it is not” – ”Notatar om sjukepleie – kva det er og ikkje er”. Boka kom ut på norsk i 1984 med tittelen ”Håndbok i sykepleie”.

Ville kjempa med dagens sjukeplaiarar

Florence Nightingale fann ikkje opp sjukepleien. Men ho er grunnleggjaren av moderne sjukepleie, basert på kunnskap, utdanning, høg moral og respekt for individet. Og ho ville truleg stått saman med sjukepleiarane i lønskampen deira i dag – for ho meinte det skulle vera eit skikkeleg betalt yrke, med løn også i elevtida.

Kvar dag bad folk om å få møte henne. Dronninga av Nederland, ministrar, ambassadørar, generalar. Og den italienske fridomshelten Garibaldi. Han var ein av dei svært få ho sa ja til å treffe. Ho hadde aldri gløymt den italienske fridomskampen, som ho hadde sett på nært hald da ho var ung og på reise i Italia. Men etter møtet sa ho at ho trudde ikkje Garibaldi hadde bakkekontakt god nok til å utrette det store.

Florence bak Raudekrossen?

Alle slags organisasjonar bad om at ho skulle støtte dei – blant dei rørsla for kvinneleg stemmerett. Først var ho avvisande. Ho meinte kvinnene først måtte sjå ansvaret sitt i samfunnet, lære å arbeide og stikke nasen utanfor salongane. Dei fattige kvinnene hadde nok med å kjempe mot armoda. Men ho meldte seg likevel inn, og støtta rørsla økonomisk i mange år.

Ho hadde også glede av kvinnesaksforkjemparen, filosofen John Stuart Mill, i desse åra. Han meinte ho var altfor beskjeden.

Eit døme på kva ho var med på å gje støytet til, er Raudekrossen. Den sveitsiske legen Henri Dunant blir rekna som opphavsmannen, men sjølv sa han at den som skal ha ære for dette er Florence Nightingale. Ho har gitt inspirasjonen.

Ho hadde idéar langt ut over det ho fekk realisert – blant anna ville ho at staten skulle gje lån til vanlege arbeidarar så dei fekk seg eige hus - ho var altså inne på tanken om husbanklån! Ho arbeidde iherdig for å få oppretta eit professorat i statistikk ved Oxford-universitetet, men tanken var for ny.

Ho er blitt kalla ein engel – dama med lampa. Men ho var stri, ofte vanskeleg å gjera til lags, brutalt direkte, til tider einsam og bitter, overspent og sjølvmedlidande. Men ho var ei brennande sjel, som gjekk til rota i alle ting, ho ville forbetre og reformere. ”Florence trur ho kan drive verda med handkraft,” sa hennar gode venn dr. Sutherland.

Mild alderdom

I fem år på eldre dagar måtte ho ta ansvar for mora, som var blitt senil, og for administrasjon av familiens eigdomar – store gods og herskapshus. Det var harde år. Men med alderen slakka ho på det vanvittige tempoet, vart mildare og fekk meir ro i sjela.

Florence Nightingale døydde 13 august 1910, nitti år gamal. Ho ville ha ei enkel grav ved Embley Park, familiens gods i Hampshire, og på gravsteinen står: F. N. Fødd 1820. Død 1910.

Ho ville gløymast – ut frå denne tankegangen: Kan ein ynske seg større belønning enn at neste generasjon har gløymt ein, og ser som opplagte gode det som ein sjølv i sin generasjon såg på som fantasisyner!

Men ho var heldigvis villig til å la stemma si bli prega inn på ein voksrull i 1890, kopi finst i NRK-arkivet. Da var ho 70 år – og gjennom historias sus seier ho dette:

”Når eg ein gong berre er eit namn, vonar eg at stemma mi vil minne om mitt livs store arbeid. Gud velsigne mine kjære gamle kameratar i Balaklava og bring dei trygt i hamn. Florence Nightingale.”

Kjelder:

-"Hvem var du, Florence Nightingale", serie i NRK P1 1985, manus Gudrun Simonsen, produsent Solveig Bøhle.
-Bok med same tittel av G. Simonsen, Gyldendal 1986.
- Florence Nightingale, biografi av Cecil Woodham-Smith, Cappelen 1951.

Av Astrid Brekken
Sånn er livet, NRK P2, 13.mars 2000


LENKER
  • Florence Nightingale-museet i London  
  • Notable Women's fyldige Florence Nightingale-sider 


  •  
     
    SØK

    boks_topp_transparent.gif
    PORTRETTER
    boks_bunn_transparent.gif
    10 SISTE NYHETER

    Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   02.01.2009 21:08