OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK Portretter

Her er du: NRK > Nyheter > Bakgrunn > Portretter

Oppdatert 22.10.2004 13:48

NYHETER
Innenriks
Utenriks
Økonomi
Kultur

Sport
Distrikt

Bakgrunn
Magasinet

Siste 48 timer
Sendinger

Trafikk
Vær
 
 

Farleg og vesentleg

Øverland, Arnulf (1889-1968)

Publisert 10.09.2001 10:04 - Oppdatert 20.12.2001 13:43

Det var to polar i diktinga hans: einsemd og medkjensle. Det siste har har gjort han til ein av dei sterkaste sosiale lyrikarane i Norge. Det er i år 90 år siden Arnulf Øverland debuterte.

- Jeg ser ham for meg i stolen sin, med sigarett og avis, i slåbrok og med fullskjegg de siste årene. Jeg ser ham også på talerstolen, når han leste dikt. Og jeg ser ham i båten på Sørlandet, i hvit skjorte og hvite bukser, han sitter og styrer båten sin.

Det er Åsil Øverland, eldste av to døtre, som seier dette om faren.

Ensomhet og livshunger

Arnulf Øverland debuterte i 1911 med diktsamlinga ”Den ensomme fest”. I Øverland-biografien sin frå 1989 skriv professor emeritus Willy Dahl at ”Den ensomme fest” er ei bok om 22-åringens ”ensomhet og livshunger, om søvnløse netter og visjoner om ”veiløse skoge” og ”kyster, jeg aldrig saa”. Slike dikt er det også i ”De hundrede violiner” frå 1912:

Hun kommer mot meg. Uten ord. Hun stanser
og river av seg med nervøse hænder
det gyldenblanke, stramme silkepanser
og sliter disse baand og disse spænder
og denne hvite knipling – hvor den brænder!

Guds blod! Jeg lot dig gaa før solen randt!
Og aldrig har jeg angret noget andet.
Gud vet, hvor du er havnet eller strandet,
for siden blev det aldrig dig, jeg fandt.

(Sangen om Aimée)

Dahl seier at den endelege domen når det gjeld Øverland som diktar har vi ikkje fått – til nå har vi vore for sterkt engasjert i det han skriv om, ikkje minst agitasjons- og krigsdikta. Men med handa på hjarta kan Dahl seia at han har stor glede av kjærleiksdikta hans frå 1920- og 30-åra.

Sterk mor

Ole Peter Arnulf Øverland var fødd i Kristiansund, voks opp i Bergen, og kom til Oslo som ung tenåring.

Faren var frå Kristiansund, og son av ein smed. Han var skipsmaskinist og sjeldan heime. Mora, Hanna Hage, bondedotter frå Romsdalen, var ein svært ressursrik person, som sa at hennar tre søner skulle sitja i karjolen, ikkje stå med hatten i handa. I Kristiansund dreiv ho systue, og i Oslo eige forretning og pensjonat. Det daglege forbruket og nytinga var tynt til smertegrensa, medan ho investerte i utdanning for sønene og seg sjølv: piano og pianotimar, klassikarar i hylla, undervising i kunstmåling.

Hanna Øverland hadde talent for kunstmåling – men neppe mykje tid til å utvikle talentet.

Målartalentet har gått i arv: Arnulf Øverlands første debut var som målar, i 1910, da var han berre 21 år. Og i neste generasjon er dottera Åsil Øverland biletkunstnar. Ho har gjeve ut boka ”Sommernatt og andre landskaper” , med dikt og akvarellar av faren.

Sanatorium og Strindberg

I 1911 måtte Arnulf Øverland inn til eit lengre opphald på Gjøsegaarden sanatorium på Kongsvinger: han hadde tuberkulose. I eit dikt skriv han:

”Jeg er tyve forbandede år, og jeg er for ung til at dø!”

I april 1912 kjem han frisk ut igjen i livet. Professor Daniel Haakonsen skriv at ”…det ble bare studenten Øverland som døde på sanatorium. Lyrikeren kom ut igjen fullt restituert…”

Sjølv har han sagt at det var lesinga av Strindberg som avbraut studiene hans:

- Et helt år brukte jeg bare på å lese Strindberg. Det var ikke mer mulig å finne veien tilbake til filologien.”

Kommunisme og blasfemi

Øverland bar i seg mange motsetnader: under og mot slutten av første verdskrig var han politisk konservativ, seinare vart han kommunist (han var ikkje medlem av partiet), men såg tidleg kva som skjedde, alt i 1937 tok han sterk avstand frå sovjet-kommunismen, påvirka av Moskva-prosessane.: ”Vi må ikke forsvare uretten, fordi det er en sovjet-urett.”
Han kom med sterke utfall mot kristendomen, vart stilt for retten for blasfemi - og frikjend. Han var ein dyktig organisasjonsmann, noko han viste som formann i Forfatterforeningen og i Studentersamfunnet. Riksmålsmannen Øverland kom med krasse åtak på samnorsk, men godtok at vi også hadde nynorsk som skriftspråk. Og han hamra laus på dei mange meiningslause dikta i moderne litteratur.

Krigsfangen

Da krigen kom til Norge, spreidde han motstandsdikta sine – og både han og sambuaren, seinare tredje kona hans, journalisten Margrethe Aamot, vart arresterte og sende til Tyskland.

Også i konsentrasjonsleiren skreiv han dikt og las dei opp, diktet ”Jul i Sachsenhausen” kunne, om oppdaga, vore hans siste:

Men neste gang, vi hører dyreskriket
og motorbrølet fra en fremmed hær,
da kjenner vi dem, vet vi, hvem de er,
og vi skal møte dem og ikke vike!
Ukrenkelig er Norges land og rike!


Menneskekjær

Etter krigen flytta Øverland inn i æresboligen Grotten, og fekk døtrene Åsil og Eli.

Åsil Øverland fortel at dei hadde ein ganske streng dagsorden, med middag presis klokka seksten. Mellom sytten og atten tok han i mot personar som gjerne ville snakke med han eller be om råd, det var mange yrkesgrupper, også amatørforfattarar, blant dei enkelte som kanskje seinare vart forfattarar. Han var menneskekjær, og brevveksla også med svært mange, seier Åsil Øverland.

Forfattaren Sigurd Hoel var nær venn av Øverland, og sa i samband med feiringa av Øverlands 70-årsdag i 1959:

”Så lenge Arnulf Øverland skriver, er norsk åndsliv fremdeles farlig, fremdeles vesentlig.”

Professor emeritus Willy Dahl skreiv i 1989 ein biografi om Arnulf Øverland, og han seier at den endelege domen når det gjeld Øverland som diktar har vi ikkje fått – til nå har vi vore for sterkt engasjert i det han skreiv om, agitasjons- og krigsdikta. Men med handa på hjarta kan Dahl seia at han har stor glede av kjærleiksdikta hans frå 1920- og 30-åra.

Av Astrid Brekken

Sånn er livet, NRK P2, 26.desember 2001


 
 
SØK

boks_topp_transparent.gif
PORTRETTER
boks_bunn_transparent.gif
10 SISTE NYHETER

Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   03.01.2009 13:07