OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK Portretter

Her er du: NRK > Nyheter > Bakgrunn > Portretter

Oppdatert 22.10.2004 13:48

NYHETER
Innenriks
Utenriks
Økonomi
Kultur

Sport
Distrikt

Bakgrunn
Magasinet

Siste 48 timer
Sendinger

Trafikk
Vær
 
 

Lindgren, Astrid (1907-2002)

Publisert 07.08.2001 12:02 - Oppdatert 28.01.2002 12:56

Stordrifta i jordbruket er dyreplageri, grisar,høner og kyr skal gå fritt, og kalvane danse på enga. Før så skjer, kall ikkje dyrevernlover Lex Lindgren!

På 1980-talet starta Astrid Lindgren ein pressekampanje for å betre kåra til husdyr, og der ho ikkje minst kritiserer stordrifta i jordbruket.

Artiklane – samla i boka ”Kua mi vil ha det gøy ”– vekte stor oppsikt. Det vart ein livleg debatt i Sverige. Men det skjedde lite som betydde noko praktisk for dyra.

Derfor skreiv ho eit ope brev til statsminister Ingvar Carlsson og bad han engasjere seg. Det var midt under partikongressen i det sosialdemokratiske partiet.

Lex Lindgren - nei takk!

Statsministeren visste kva som stod på spel, og besøkte Lindgren midt under kongressen. Ho har sett seg grundig inn i korleis dyra har det, etter at den unge veterinæren Kristina Forslund tende engasjementet hennar.

I samband med 80-årsdagen hennar i 1987 gav statsminister Ingvar Carlsson henne proposisjonen om ny dyrevernlov.

Men da ho hadde lese proposisjonen fekk ho jubelen i vrangstrupa. Og at lova blir kalla Lex Lindgren synest ikkje Lindgren noko om, så lenge det ikkje virkeleg har skjedd endringar.

Regjeringas forslag var skuffande, blant anna når det gjaldt slaktesvin. Det var heller ikkje bestemt at kviger og oksekalvar skal få koma ut på beite. Og burhønssystemet skulle få lov til å bestå til 1997 – det består framleis, om enn i modifisert versjon.

Lova betydde likevel eit framsteg for husdyra i Sverige, dessutan vekte orda hennar oppsikt internasjonalt. Kampanjen hennar har sådd frø for framtida.

Barneheimen

Omsorg for andre, både menneske og dyr, pregar Astrid Lindgrens forfattarskap og livsløp.
Alt medan Astrid Lindgren sjølv var barn, vart ho sterkt engasjert dersom andre barn kom ut for alvorlege problem. Bror hennar har fortalt at ho ga bort den finaste dokka si til ein klassekamerat som var svært sjuk av tuberkulose. Da kameraten sidan døydde, fekk dokka følgje med i grava.

I den tida Astrid Lindgren var einsleg mor og ikkje kunne ha barnet hos seg, vart ho kjend med ei anna ung jente som også hadde fått barn utanfor ekteskap. Barnet var på ein barneheim, og den unge mora besøkte det aldri. Da reiste Astrid Lindgren sjølv for å oppsøkje barnet, ei jente som var blitt nesten tre år gamal.

Lindgren skildrar korleis forfallet og trøystesløysa slo mot henne da ho kom til barneheimen. Ei stram lukt møtte henne – av urin og innestengde rom:

”Barna oppførte seg så underlig. De kastet seg over meg. Jeg hadde med meg litt karameller til Britt, som piken hette. Da tok forstanderinnen og delte dem ut til alle barna så langt det rakk. Det rakk ikke til alle. Noen fikk ikke. En gutt ble så skuffet at han kastet seg hodestups ned på golvet. Etterpå reiste han seg opp og kastet seg skrikende baklengs igjen, i ren fortvilelse!
Jeg tok Britt opp i fanget. Hun satt hele tiden og jamret seg uten å si noe. Om hun iallfall hadde kunnet fortelle hva hun var redd for og lei seg for! Det var akkurat som om hun ville si: Egentlig er jeg veldig redd for å være her, men enda reddere er jeg for å fortelle hvorfor jeg er redd.”

Bondedottera Astrid

Barnebok-kjendisane hennar har ømme og sterke kjensler for dyr. Pelle i ”Vi på Saltkråkan” strekkjer omtanken til både fisk og meitemark. Men han har fått ei fiskestong av den snille far sin. Han sit på brygga og fiskar. Ingen fisk nappar. Ei småjente sit på kvar side av han og seier innsmigrande: - Snart får du nok napp, Pelle!
Men Pelle seier at det gjer han ikkje, for han har ikkje mark på kroken. Men han har jo fått fiskestong, og det er sanneleg ikkje berre han som som fiskar utan å få fisk!


Den sterkaste og freidigaste dyrebeskyttaren er nok Pippi. Ho gjev ein mann som slår hesten sin ein skikkeleg omgang juling, og tvingar han til å bera heim det tunge vognlasset sjølv.

Så lyfter ho hesten opp over hovudet sitt, og den forskrekka køyrekaren seier at han aldri meir skal plage hesten sin. Pippi svarar at vi skal vera snille mot dyr, og bera dei når dei er slitne!

Margareta Strömstedt, som har skrive biografi om Astrid Lindgren og kjenner henne godt, seier at når Pippi bryt sund pisken til mannen som plagar hesten sin, er det bondejenta Astrid som reagerer.

Melankolske tenår

Astrid Lindgren vart fødd i 1907 på ein gard nær småbyen Vimmerby. Ho hadde ein god barndom med omsorgsfulle foreldre.

Ho visste tidleg at ho ville skrive. Tretten år gamal fekk ho publisert ein stil i Vimmerby Tidning, og før ho var sytten hadde ho fått jobb i avisa. Men tenåra var ikkje like fornøyelege som barndomen:

- Tenårene var som en tilstand bare, toneløst og livløst, jeg var ofte melankolsk. Dessuten syntes jeg som de fleste tenåringer at jeg var så stygg, og aldri var jeg forelsket heller.

Ho kom også i ein viss opposisjon til mora. Ungjenta var ikkje innstilt på å sitja heime om kveldane som ei from og god bondedotter. Ho likte å danse, både folkedans og jazz, og da ho vart sytten, klipte ho håret kort. Det var ein sensasjon i Vimmerby.

18 år og gravid

Men så i 1926 skjedde det som vart Vimmerbys store skandale. Attenåringen Astrid skulle ha barn, og ho ville absolutt ikkje gifte seg med barnefaren.

- Aldri har så mange sladret så lenge om så lite, iallfall ikke i Vimmerby. Å være gjenstand for den sladderen kjentes omtrent som å ligge i en ormegrop, og jeg besluttet å forlate den ormegropen fortest mulig.

Ho drog til Stockholm, fekk seg ein plass å bu, og lærde seg stenografi og maskinskriving. Ho kom i kontakt med ein hjelpsam advokat som ordna det slik at ho fekk føde på Rigshospitalet i København, det einaste hospitalet i Skandinavia som tok i mot fødande utan å gje opplysingar til folkeregister og andre styresmakter.

Livet hennar vart konsentrert om barnet, Lasse. Den første tida måtte ho la han bu hos andre. Det fanst ikkje barnehagar. Kvart øre ho kunne leggje til side brukte ho til å reise og besøkje barnet.

Men det ordna seg etter kvart for henne. Ho gifta seg med ein kjekk mann, guten hennar fekk ein heim, og ho fekk seinare ei dotter.

Med Vårherre i helvete

Astrid Lindgrens oppfatning av korleis husdyr bør ha det kom klart til uttrykk i den pressekampanjen ho starta på 1980-tallet. Ho meiner at det store fleirtallet av bønder er dyrevennlege, skytset er retta mot politikarar, offentlege styresmakter og landbruksorganisasjonar.

Ho framførde synspunkta sine på ein frisk og uortodoks måte – blant anna arrangerte ho eit intervju med ei høne, Lovisa, som sit i eit bur og har mista mange fjør. Lovisa forklarar at det går ikkje å ha fire høner i eit elendig lite bur utan at fjørdrakta går føyken.

Ho fortel om ein draum ho hadde: Vårherre var komen ned på jorda på ein liten inspeksjonsrunde for å sjekke korleis dyra har det. Vårherre hugsa kor hyggeleg det hadde vore under skapardagane, og korleis han på den sjette dagen bestemde at mennesket skulle rå over dyra.

Nå ville han sjå kor godt dei hadde det, og han ynskte at Astrid Lindgren skulle vise han rundt. Ho foreslo at dei skulle besøke grisane. Det tykte Vårherre var eit glimrande forslag, så ho bestemde seg for å føre han til eit av dei største svineslakteria i landet.

”Så steg vi inn i helvete. Et helvete konstruert av mennesker for å avlive et størst mulig antall dyr med størst mulig fart…. Han så alt, han så mengden av skrekkslagne griser som med elektriske støt ble drevet frem mot slaktingen. Han så hvordan de i rasende fart ble bedøvet og hengt opp, hver i sin krok, hvordan de ble stukket og blodtappet… Han virket helt forvirret ved synet av grisene som hastig ble blodtappet og siden kastet i skåldekaret. Der var det en liten grisestakkar som på grunn av hastverket ikke hadde blitt blodtappet skikkelig, og da han havnet i det hete skåldevannet, våknet han skrikende til liv og begynte i panikk å svømme rundt blant sine døde grisekamerater som fløt omkring ham (og for den saks skyld også i deres tiss og bæsj).
Alt dette så Vårherre.
- Og han så at det var godt? sa jeg med tydelig spørsmålstegn.”


Av Kåre Knutsen
Redigert for nett av Astrid Brekken

Sånn er livet, NRK P2, 7. august 2001


 
 
SØK

boks_topp_transparent.gif
PORTRETTER
boks_bunn_transparent.gif
10 SISTE NYHETER

Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   03.01.2009 06:54