OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK Portretter

Her er du: NRK > Nyheter > Bakgrunn > Portretter

Oppdatert 22.10.2004 13:48

NYHETER
Innenriks
Utenriks
Økonomi
Kultur

Sport
Distrikt

Bakgrunn
Magasinet

Siste 48 timer
Sendinger

Trafikk
Vær
 
 

Blixen, Karen (1885-1962)

Publisert 20.07.2001 14:25 - Oppdatert 20.07.2001 14:48

”Jeg kan tre ting: fortelle historier, lage mat og ta meg av ”gale” mennesker”, sa Karen Blixen om seg sjølv. Men ho sloss for å gje dyr eit betre liv – sjølv om ho jakta på løver og sa at ho skaut med kjærleik.

”Nattergalen kom og forvandlet hele verden til en fiolin,” skriv Karen Blixen i ei vårskildring. Kvar vår nesten på dagen den 8. mai kom nattergalen til barndomsheimen hennar, Rungstedlund nord for København. Heilt til sine siste år drog ho ut i naturen for å lytte etter denne fuglen. Clara Selborn, Blixens sekretær, skriv:

”Hun bevarte til det siste et hjerte fullt av endeløs lengsel, rede og åpent for grenseløs glede. Da hun ikke lenger kunne gå til fots ute i skogen for å høre vårens nattergaler, fant hun seg et sted hun kunne kjøre til, og satt helt fortapt lyttende til de rike, aldri stansende strømmer av sang.”

Guds plan

Karen Blixen, som levde frå 1885 til 1962, er mest kjend for erindringsboka ”Den afrikanske farm”, som kom ut i 1937. Og for ei rekkje strålande skjønnlitterære forteljingar – eller historier, som ho kalla dei.

Ho meinte at ville dyr som lever i fridom er stolte, verdige og har ære – dei lever i samsvar med Guds plan, dei står i direkte forhold til Gud. Det er særlig løvene og sjiraffane ho tenkjer på når ho skriv:

”Derfor er det forferdelig å sette dem i zoologiske haver og å plassere, om aldri så velmenende, mennesker mellom dem og deres Gud.”

Men jakt tok ho ikkje avstand frå. Dei første åra i Afrika var ho ein ivrig jeger, men seinare endra ho haldning, bortsett frå når det gjaldt løvejakt. I eit kåseri Danmarks radio i 1946 om løvejakt, kallar ho skotet som feller løva ein kjærleikserklæring.

Søster giraff

Blixen har festa til papiret ei oppleving frå Afrika – ho sit i ei skråning og ser ut over ein dal. Tre giraffar kjem til syne, dei blir ståande ei stund, så forsvinn dei:

”Lovet være du Herre for søster giraff … som bærer sitt ganske lille hode høyt over gresset, med en strålekrans av lange vipper over sine slørede øyne, og som har en så tydelig likhet med en fin dame, at man avstår fra å tenke på dens ben, men erindrer seg den som flytende over sletten i lange draperier av morgentåke eller viftende steppegress.”

Privatundervising

Far til Karen Blixen var offiser, og døydde da ho var ti år, men han betydde mykje for hennar utvikling og innstilling til livet. Han var ein romantisk naturelskar, men også i stand til å handle. I ei blanding av dikt og realisme seier Blixen om faren og slekta på den sida at dei var menneske som kjende ”en ubevisst lykke ved å leve”.

Mora kom frå ei kjend kjøpmannsslekt, ho var rettskaffen, religiøst innstilt og med høge moralske prinsipp.

Det var langt til næraste skole, og ho fekk undervising heime – der vann litteraturen over matematikken, og ho vart også opptatt av bildande kunst. Ho elska å teikne, og fekk utdanne seg til målar.

Likevel var det gjennom dikting ho best gav uttrykk for fantasi og tankar. Ho debuterte som 22-åring med ei litterær historie i eit tidsskrift. Redaktøren tilbaud seg for øvrig å trykkje alt ho måtte koma til å skrive – ja, han tilbaud også ekteskap.

I ungdomstida vart tilværet heime hos mora for prektig og trongt. Ho sakna farens idé- og tankeverd: livsutfalding, dåd, mystisk naturkjensle. At ho vart ulykkeleg forelska gjorde ikkje desse åra lettare.

Den afrikanske farmen

Da ho var 27, sa ho ja til ein jamnaldrande, svensk adelsmann, Bror Fredrik von Blixen-Fincke. Dei starta ekteskapet som farmarar i Kenya.
Ekteskapet med von Blixen-Fincke var eit bomskot. Livet i Afrika baud også elles på store problem – ho kom dit i 1914, same året som første verdskrig braut ut og etter kvart spreidde seg til Afrika. Ho vart åleine om å drive den store plantasjen på 25 000 mål og 50 000 kaffebuskar. Det hende at ho betalte ut løn til bortimot tusen menneske.

Omkring 130 oksar gjorde teneste som trekkdyr. Ho kjende seg nær desse dyra, og skreiv:

” Dere er meg, og jeg er dere. --- For meg var særlig tanken på oksene en stor glede om lørdagen. Jeg pleide å gå ned til kveen deres ved sekstiden, når de kom inn fra dagens arbeid. I morgen, tenkte jeg, har de ikke annet å gjøre enn å beite.”

I Afrika vart ho kjend med safarileiaren Denys Finch-Hatton, og han betydde mykje for henne. Men han trekte seg bort frå henne, og omkom i ein flystyrt i 1931. Da var også farmen ruinert av tørke og låge kaffeprisar. Ho reiste attende til Danmark og Rungstedlund, og i 1935 debuterte ho – i USA – med ”Seven Gothic Tales” – Syv fantastiske fortellinger. Seinare kom blant andre ”Vintereventyr ” og ”Siste fortellinger”.

Professoren og apefoten

Alt i "Den afrikanske farm" som kom ut i 1937, kan vi merke at ho er skeptisk til bruk av dyr i forsking. Ho skildrar der ein svensk professor som kom til Afrika for å studere apefoster. Han vitskaplege problem var: På kva tidspunkt i fosterutviklinga tek apefoten til å skilje seg ut frå menneskefoten?

For å undersøkje dette, ville professoren reise til området Mount Elgon og skyte aper. Karen Blixen var avvisande til prosjektet, og ho meinte det ville vera ein slumpetreff om han fekk tak i nettopp det fosteret han søkte. Men professoren sa han var budd på å bli i Afrika til han hadde funnet apefoten sin, om det så skulle ta fleire år.

Han hadde søkt Viltdepartementet om å få skyte femten hundre aper i første omgang, og i lys av det viktige vitskaplege formålet var han sikker på at søknaden ville bli innvilga.

Han var storleg forbausa da Viltdepartementet berre ga han løyve til å felle seks aper. Han vart så motlaus, dødeleg forarga og såra at han sa ikkje eit einaste ord.


Heller sjukdom og død?

Året er 1955, i Justisministeriet, København. Den unge sosialdemokratiske ministeren, Per Hækkerup, lyttar til ein deputasjon som har fått avtale med han. Det er Karen Blixen som har ordet. Ho bed justisministeren om at det må bli forbode å nytte hundar i vitskaplege forsøk:

- Vi kan ikke uten menneskelig å forringes, for vår egen fordels skyld utnytte vår kamerat.

Justisministeren får overlevert rundt førti tusen underskrifter til støtte for kravet. Det var Karen Blixen som hadde tatt initiativet til denne aksjonen, etter at ein anatomiprofessor hadde sagt at det var naudsynt å bruke hundar til dyreforsøk. Ho skjønte at dette kunne utnyttast i ein aksjon.

Hundar blir ikkje fritekne frå forsøk, men orda hennar i denne samanhengen og andre, samt i avisartiklar og radioforedrag, betydde mykje for debatten om forsøk med hundar og andre dyr.

Ho hadde mange mot seg, og ein professor spurde: ”Kan ho vise oss andre vegar som er effektive, eller vil ho ope vedgå at ho heller såg medmenneske framleis døy i hopetal av store epidemiar, og heller såg eit stigande tal døy av kreft, at barna framleis blir lamma av polio, at husdyr stadig blir ramma av munn- og klauvsjuke – alt dette heller enn at vitskapen overfører slike sjukdomar til eit avgrensa tal dyr?”

Karen Blixen svarar:

- Jeg kan i all alminnelighet som mitt synspunkt hevde, at jeg ikke ønsker å kjøpe selv slike store goder som befrielse for de av Dem nevnte sykdommer, eller et gode som livet selv, for enhver pris.

Kampen mot dyreforsøk minte Blixen om innsatsen for å hindre overgrep mot afrikanarar. Den motstanden ho møtte i Danmark blant forsvararane av dyreforsøk, likna reaksjonen hos kvite herskarar i Afrika. Når ho der kritiserte behandlinga av innbyggjarane i landet, vart ho kalla pro-native, og ei tolking av dette ordet var fantast eller svermar.

Følgje Guds plan

I Afrika svara ho motstandarane sine at at ho ikkje tok seg nær av det dei sa – for ho hugsa kven som før i tida vart stempla som fantastar og svermarar: det var blant andre abolisjonistane – dei som kjempa mot slaveriet. Ho hugsa frå ho var lita ei gamal spottevise om slaverimotstandarane:

”…hans oldefar var en orangutang, han skulle dyppes i tjære og rulles i fjær, og bæres hele byen rundt, til latter for enhver – et rep omkring hans hals og så o hop o hei! Og alle kameratene skal samme vei.”

Dyreforsøk er mennesket uverdig, fordi mennesket har ansvar for alt levande. Så kan ein spørja kven som har pålagt oss eit slikt ansvar. Da svarar Karen Blixen at det har ei høgare makt: Gud. Å opptre verdig er å følgje Guds plan. Eit hovudpunkt i forfattarskapen hennar er at Gud har ein plan med alt og alle, og ho skildrar problema mennesket har med å etterleva denne planen - leva til Guds glede.

Karen Blixen kjende uro ved tanken på at det tradisjonsrike huset og skoglunden omkring Rungstedlund skulle bli offer for den såkalla utviklinga: at huset skulle forsvinne og trea hoggast, og bli erstatta av asfalt og fleire hundre rekkjehus. Folk ville da ikkje lenger ha ein stille skog der dei kunne gå tur og ”høre fuglesang som hjertet kunne røre”.

Draumen om Rungstedlund

Saman med nære slektningar gav ho eigedomen til eit fond med formål å ta vare på Rungstedlund som eit fuglereservat. Alle framtidige inntekter av bøkene hennar skulle gå til vedlikehald. Men ho var klar over at forlagsrettane ville opphøyre femti år etter at ho døydde, og for å sikre nok kapital også etter den tid fekk ho lov til å be om bidrag i Danmarks radio.

Slik realiserte Karen Blixen sin draum om at Rungstedlund i framtida skulle vera eit ”åndehull midt i en stor by – et riktig paradis for fugler som søkte dit tvers over verdenshav”.

Av Kåre Knutsen,
redigert for nett av Astrid Brekken

Sånn er livet, NRK P2, 24.juli 2001


 
 
SØK

boks_topp_transparent.gif
PORTRETTER
boks_bunn_transparent.gif
10 SISTE NYHETER

Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   03.01.2009 06:54